StatpedMagasinet 3–2015

Tidleg innsats førebygger skeivutvikling

Små barn utviklar seg i eit rivande tempo dei to første leveåra. Tidleg innsats handlar om å legge til rette for god utvikling og førebygge at dei små får ei skeivutvikling.

Kirsten Skram, avdelingsleiar i Statped, har sett mange døme på skuleelevar som kunne fått hjelp på eit tidlegare stadium i livet. Forsking viser ein klår samanheng mellom fråfall i vidaregåande skule og korleis barn klarer seg i barnehagen.

– I mange saker som PP-tenesta og Statped jobbar med, undra dei vaksne seg over barna allereie i barnehagen. Dei sleit med konsentrasjon, med å komme inn i leik,

sleit med å tilpasse seg omgivnadene eller hadde mangelfull språkutvikling. Med tidleg hjelp kunne dei kanskje unngått store sosiale vanskar, lærevanskar, låg sjølvtillit, låg motivasjon eller andre problem som kan gi fråfall i skulen, seier Skram.

Barna må fangast opp

Tidleg innsats og hjelp gir mindre risiko for vanskar seinare i livet. Skram har ein klår appell til norske barnehagar: ha system for å fange opp dei barna som treng hjelp, allereie frå dei er små. – Vi må forvisse oss om at barna har det bra og har dei dugleikane dei skal ha ut frå alderen sin. Dette kan barnehagane finne ut ved å sette av tid til å vurdere kvart enkelt barn gjennom enkel kartlegging eller observasjon, seier Skram.

Viss personalet avdekker vanskar hos eit barn, er neste steg å vurdere om det trengst ytterlegare og meir systematisk observasjon og kartlegging. I tillegg bør barnehagen gå i dialog med føresette om vegen vidare. Om naudsynt skal barnet etter godkjenning frå føresette tilvisast PP-tenesta eller andre instansar.

– Målet med kartlegging og observasjon er å finne ut kva barna er gode på, og kva dei treng ekstra hjelp til. Vi vil bygge på dei sterke sidene og styrke dei svake. Lykkast vi med dette, kan behovet for spesialpedagogisk hjelp seinare bli redusert, påpeiker Skram.

Usynlege vanskar

Barn utviklar seg i ulikt tempo, og det er store variasjonar i normalutviklinga. Hos eitt- og toåringane kan det vere vanskeleg å fange opp dei som har forseinka eller avvikande utvikling.

– Barn med synlege og store funksjonshemmingar oppdagar vi, men det er meir utfordrande å få auge på lærevanskar, vanskar med konsentrasjon og merksemd, språkvanskar og lette sansetap, forklarer Skram, og held fram:

– Vi snakkar sjeldan som spesialpedagogikk for eitt- og toåringar. Fordi det kan ta tid å avdekke dei spesialpedagogiske behova, er det ekstra viktig å drive eit godt allmennpedagogisk arbeid med fokus på førebygging.

Tilsette i barnehagar må ha tilstrekkeleg kunnskap om normalutvikling hos barn til å kunne sjå ei avvikande utvikling.

– Då kan ein vurdere om noko er ein variant innanfor det normale eller eit avvik i utviklinga. Det pedagogiske personalet må til dømes kunne ta stilling til om eit barn har ei vanleg, men sein språkutvikling, eller om barnet treng hjelp til å styrke dugleikane sine på språk og kommunikasjon, seier Skram.

I tillegg treng barnehagepersonale nok kunnskap om spesialpedagogikk til å vite kva ein skal gjere i det allmenne tilbodet. Det som er bra for barn med spesielle behov, viser seg nemleg å gagne alle barn.

– For barn med særskilde behov er det spesielt viktig med faste rutinar, stabilitet i vaksenkontakt, tydelege strukturar og føreseielege dagar, seier Skram.

Barnehagen som inkluderande arena

Barnehagane må vere ekstra merksame på barn som er einsame, går mykje åleine, vandrar rundt utan samhandling med andre og barn som er innovervende eller utagerande fordi dei ikkje klarer å ta del i fellesskapen. Dette kan vere uttrykk for kognitive vanskar der barnet ikkje forstår språk eller sosial kontekst, psykiske vanskar som depresjon eller vanskar til dømes innafor autisme-spekteret.

– For barna som ikkje klarer å kome inn i leik eller ta del i dagleglivet i barnehagen, vil skeivutviklinga kunne auke. Difor er det viktig at vi set inn gode tiltak for desse barna så tidleg som mogleg. Vi skal samstundes hugse at dei fleste barn utviklar seg normalt. Til dømes kan passivitet eller tilbaketrekking hos enkelte handle om å lære gjennom observasjon, seier Skram.

Ho peiker på at barnehagen skal vere ein førebyggjande og inkluderande arena der alle barn blir inkludert ut frå føresetnadene sine. Det er minst like viktig å tenke på inkludering i barnehagen som på skulen.

– Det er viktig at barnehagen legg til rette for venskap mellom barn. Dette oppnår ein best ved å sørge for at barna får vere saman i trygge situasjonar og stabile, oversiktlege grupper der den vaksne er aktivt til stades i barna sin leik. Eit sosialt mål må vere at alle barn skal ha minst ein ven. Dette må barnehagen ta mål av seg å greie, meiner Kirsten Skram.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

God pedagogikk og praksis for dei yngste

God utvikling dei første leveåra gjer barn mindre utsette for å få vanskar seinare i livet. Difor er det viktig å forstå korleis eitt- og toåringane utviklar seg og kva dei treng i barnehagen.

I Noreg går om lag 80 prosent av eitt-åringane og 90 prosent av toåringane i barnehage. Barnehagestart for dei yngste er ein relativt ung tradisjon her til lands. Mange barnehagar søker difor meir kunnskap om kva som er god pedagogikk og praksis for dei yngste barna.

Små barn utviklar seg raskt. Mykje skjer på områda samhandling, kommunikasjon og språk. I tillegg skal barna klare å knyte seg til nære omsorgspersonar. Medan alt dette skjer, startar dei fleste i barnehagen. Då treng dei eit tilpassa opplegg og nære vaksne som er fysisk og psykisk til stades.

– Barn som bruker energi på å føle seg utrygge i staden for å utforske språk eller motorikk, kan bli hemma i den sosiale og kognitive utviklinga. Då tar vi frå dei sjansen til læring og utvikling, seier May Britt Drugli, professor ved NTNU og forfattar av boka «Liten i barnehagen: forskning, teori og praksis».

Side 14 av 28