StatpedMagasinet 2–2018

ASK når synet ikkje strekk til

Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er alt som hjelper ein person å kommunisere når talespråket ikkje strekk til. Men korleis kan ein nytte ASK når ein har vanskar med synet?

Jente holder opp et taktilt kort med en liten plastsykkel på.
Ingvild har ulike utfordringar. I val av alternativekommunikasjonsløysingar er det viktig å ta omsyn til synsfunksjonen, slik at ho kan gjere seg nytte av hjelpemiddela.

Ingvild Klemetrud går i sjette klasse på Jessheim skole- og ressurssenter. Ho har Joubert syndrom, som er ei sjeldan, medfødt utviklingsforstyrring som først og fremst råkar det sentrale nervesystemet. Ingvild har utfordringar med motorikken, snakkar utydeleg og er nesten blind. Ho nyttar difor ulike hjelpemiddel i kvardagen.

Taktile symbol

I valet av kommunikasjonsløysing er det tatt omsyn til synsvansken. Ingvild nyttar taktile symbol som ho kan ta og føle på, gjerne brikker med punktskrift og anna taktilt materiale. Ho brukar ASK som supplerande kommunikasjon slik at ho lettare kan forstå omgivnadene og sjølv gjere seg forstått. Dei gjer det mellom anna lettare å ta initiativ, formidle kjensler, snakke om hendingar og å gjere val.

Dei taktile symbola er også ei nyttig pedagogisk støtte når Ingvild skal lære seg omgrep, systematisere informasjon og halde oversikt over timar og dagar. Dei blir også nytta som utgangspunkt for samtalar mellom Ingvild og spesialpedagog Siri-Beate Hanssen. Kvar brikke har si eiga tyding. Ingvild er med på å bestemme korleis brikkene skal utformast. Ho leitar gjennom perler, figurar og små gjenstandar som ligg i ei eske til ho finn den figuren ho meiner symboliserer eit ord eller ei handling. Siri-Beate limer gjenstanden på ei trebrikke, og eit nytt symbol er ferdig.

God støtte

– Symbola er ei god støtte i undervisninga, men også eit flott utgangspunkt for samtale. Ein gong laga vi kortet for noko det viste seg at Ingvild var redd for. Då fekk vi ein god samtale om dette, fortel Siri-Beate Hanssen.

Ingvild nyttar også Sarepta, som er eit ordbehandlings- og kommunikasjonsprogram på PC. Programmet gjer det mogleg å ha eit felles fokus med andre, og det skal motivere ho til auka kommunikasjon. Saman med fysioterapeut jobbar skolen og Ingvild med munnmotorikk for at talen skal bli tydlegare.

Alvorlege synsvanskar gjer det krevjande å forstå korleis verda heng saman. Ein rettar gjerne merksemda mot detaljar og delar av informasjonen.

Nokre sjukdommar, tilstandar og syndrom kan både gi utfordringar med synet og vanskar med å kommunisere ved hjelp av talespråket. Då kan kommunikasjonshjelpemiddel vere ein god hjelp til å utvikle eit kommunikativt språk. Men synsvanskane blir ikkje alltid tatt nok omsyn til i valet av kommunikasjonsløysing. Grunnar til dette er at synet ikkje er greidd ut eller godt nok greidd ut, at synet kjem i bakgrunnen i eit samansett vanskebilete eller at ein gløymer å ta omsyn til synet i val av ASK. Resultatet kan bli å ta i bruk kommunikasjonsmiddel som ikkje kan nyttast fullt ut fordi synsfunksjonen ikkje strekk til. Det skjer særleg om synet ikkje er hovudutfordringa, men råka direkte eller indirekte.

– Nokre elevar har eit kommunikasjonssystem som dei ikkje har føresetnader for å bruke på grunn av synsvanskar, seier seniorrådgjevar Irene Traverso i Statped.

Jente og dame smiler nese mot nese
Ingvild Klemetrud og spesialpedagog Siri-Beate Hanssen på Jessheim skole og ressurssenter morer seg foran kamera.

Tar ikkje høgde for synet

Grupper som av erfaring kan ha utfordringar med synet, har gjerne autismespekterforstyrringar, ulike syndrom, cerebral parese eller andre funksjonsnedsettingar. Hos nokre er gjerne ikkje synet greidd ut eller godt nok greidd ut. I andre døme kan det vere vanskeleg å oppdage at personen har ein synsvanske, fordi auga er friske. Då kan situasjonen vere at hjernen ikkje klarer å oppfatte eller tolke informasjon frå synet, og dei fungerer som svaksynte eller blinde. Dette kallast hjernesynshemming eller cerebral visual impairment (CVI) og skuldast ein skade eller ei utviklingsforstyrring i hjernen. Slike forståingsvanskar er særleg vanskeleg å oppdage hos dei som også har andre funksjonsnedsettingar.

Mange Moglegheiter

valet av kommunikasjonsløysing er det dermed viktig å ta omsyn til synsfunksjonen. Personar med CVI kan til dømes ha problem med å nytte visuelt materiell. Dei som har augemotoriske vanskar, slit med å meistre ASK som baserer seg på blikkstyring.

– I verste fall kan eit barn trene på å styre eit kommunikasjonshjelpemiddel med blikket utan at det nokon gong vil klare det, seier rådgjevar Kariann Nygård i Statped.

Ei årsak til uheldig val av hjelpemiddel kan vere at synet til barnet ikkje er undersøkt. Andre gonger er hjelpemiddelvalet styrt av kva som er vanleg å velje når eit barn har behov for ASK. Ofte vel ein det ein har erfaring med frå tidlegare utan å vere klar over gode alternativ. For når ein kommunikasjonsløysing ikkje kan nyttast, finst det som oftast andre moglegheiter. For å velje rett type ASK bør ein sjå på kva behov og føresetnader brukaren har. Ein må også leggje vekt på kompetanse hos nærpersonar i språkmiljøet til barnet. I tillegg kan det være lurt å undersøke kva som motiverer brukaren.

– Initiativet og deltakinga aukar gjerne når vi tar utgangspunkt i brukaren sine interesser, seier seniorrådgjevar Gro Aasen i Statped.

NAV Hjelpemiddelsentral i kvart fylke har eit overordna og koordinerande ansvar for hjelpemiddel til funksjonshemma.

Døme på kommunikasjonsformar ved synsvanskar

  • Taktil kommunikasjon
  • Haptisk kommunikasjon
  • Taktile og auditive hjelpemiddel
  • Nytte forstørringar, gode kontrastar og medvitne fargeval på symbol
  • Auditiv skanning (PAS)

Side 12 av 21