StatpedMagasinet 2–2018

Kompetanseheving med nettverksarbeid

Nettverksarbeid har auka kompetansen

Stord kommune har heva kompetansen på alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) monnaleg på berre to år. Det har skjedd gjennom nettverksarbeid med deltakarar frå pedagogisk-psykologisk teneste, barnehagar, skular og Statped. Fleire barn i kommunen nyttar no ASK.

Portrett tore blokhus

Hausten 2015 er kommunikasjon ei viktig problemstilling i fleire av sakene som er tilmeld pedagogisk psykologisk teneste (PPT) for Stord og Fitjar. Rådgjevar Tore Roth Blokhus jobbar med ei av dei. Det er ei samansett sak der fokuset ligg på alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Men ASK er eit felt som få har særleg kunnskap om – heller ikkje Blokhus og kollegaene i PPT. I dialog med Statped vert det avgjort at PPT og Statped går saman om å etablere eit ASK-nettverk. Stord kommune må auke kompetansen på ASK. – Vi spurte oss sjølve kva som ville heve kompetansen vår. Svaret var å ikkje berre jobbe med enkeltsaker. Då bestemte vi oss for ein nettverksmodell og kontakta Statped, fortel Tore Roth Blokhus.

Nettverksmodell

Nettverksmodell eller nettverksarbeid er ei arbeidsform der faste deltakarar møtast jamleg for å få kunnskap og dele erfaringar. Deltakarane gjer gjerne mellomliggande arbeid mellom samlingane. På denne måten lærer alle meir om det aktuelle temaet og blir betre rusta til å følge opp barn og unge med særlege behov. På Stord og Fitjar gjekk det slag i slag frå den dagen PPT og Statped bestemte seg for å danne eit ASK-nettverk. PPT for Stord og Fitjar kontakta Statped, som sa ja til å bidra den første tida. Partane blei einige om målet for nettverket, organiseringa og innhaldet i samlingane.

PPT sørga også for å få støtte hjå rektorar og barnehagestyrarar, slik at deltakarane fekk setje av tid til arbeidet. Deretter kartla PPT og Statped aktuelle deltakarar. Dei valde ut 14 barn med behov for ASK og inviterte to til tre fagpersonar knytt til kvart barn. – Det har vore mykje jobb med å planlegge og koordinere. Vi kunne ikkje gjort dette løftet utan støtte frå Statped i planlegginga og i det faglege innhaldet, seier Blokhus.

Fagfolk i kommunen

«Kva er eit nettverk» lyser det frå storskjermen under første nettverkssamling i Nordbygdohallen på Stord i september 2016. Kring 35 fagfolk frå ulike instansar har fordelt seg rundt i lokalet. Alle har det til felles at dei jobbar med eller kjem til å jobbe med barn som treng ASK:

  • To til tre fagpersonar knytt til kvart av dei 14 barna
  • Kommunen sitt mobile, spesialpedagogiske team for barnehagane
  • Dei fleste rådgjevarane frå PPT for Stord og Fitjar
  • To rådgjevarar frå Statped

Innhald i samlingane

Arbeidet starta med eit ope grunnkurs i ASK. Deretter samlast nettverket to dagar kvart halvår. Samlingane har tatt opp tema som kommunikasjonsutvikling, kartlegging, ASK og opplæring, ASK i kvardagen og ASK saman med andre barn. Rådgjevarar frå Statped med spisskompetanse på ASK har stått for undervisninga. Men samlingane er ikkje berre undervisning. Erfaringsdeling og rettleiing er også viktige programpostar. På kvar samling fortel eit brukarmiljø kva dei jobbar med.

Eit viktig element i nettverkssamlingane er videorettleiing i grupper. Mellom kvar samling filmar deltakarane borna dei jobbar med. Filmane er utgangspunkt for grupperettleiing på samlingane. Gruppene har bestått av fire brukarmiljø. Deltakarane diskuterer innhaldet, og Statped og PPT rettleiar. Slik får det enkelte miljøet direkte rettleiing på eigen praksis og kan jobbe vidare med å utvikle denne.

– Vi har hatt ein progresjon frå å forstå ASK til å kunne jobbe med at barn skal bruke ASK i møte med andre barn i sitt miljø, seier Blokhus. Grupperettleiingane har fått positive tilbakemeldingar frå dei som jobbar direkte med borna. I ei evaluering seier dei til dømes at det har vore lærerikt å sjå korleis andre jobbar, at det har vore nyttig å sjå konkrete døme og å diskutere sakene.

Stabil gruppe 

Sidan ASK er eit relativt ukjent fagfelt, er det krevjande å skape eit fagmiljø i den enkelte barnehage eller skule. – Det har vore godt å knytte band mellom fagpersonar på tvers av instansar. Til saman utgjer vi eit stort fagmiljø og kan snakke saman om ASK med eit felles språk, seier Blokhus. Deltakarane i ASK-nettverket er ei stabil gruppe, med unnatak av naturleg sirkulasjon av personale i kommunen. Nettverket held progresjonen oppe sjølv om det kjem nye deltakarar.

Vellukka arbeid

PPT og Statped vurderer at ASK-nettverket har vore vellukka. Kompetansen på ASK er auka, og fleire barn nyttar no ASK. Deltakarane gir også gode tilbakemeldingar på arbeidet. Statped har no trekt seg ut av arbeidet, men nettverket består. Målet er å ha tre samlingar i året, der deltakarane diskuterer eigen praksis. – Dette er nybrottsarbeid, og vi må finne ut korleis vi skal jobbe framover. Men det er ingen tvil om at arbeidet er motiverande. For oss menneske er det grunnleggande å kunne uttrykkje oss, og det får vi hjelpe barn med, påpeiker Blokhus.

Smart arbeidsform

– Nettverksarbeid er ein smart og effektiv måte å jobbe på, seier seniorrådgjevar Anita Sande i Statped. Ho trur at PP-tenesta generelt har eit stort potensial til å jobbe meir systemretta med å bygge kompetanse ute i kommunane.

Anita Sande

Ved utgangen av 2017 trekte Statped seg ut av ASK-nettverket på Stord. Nettverket står no på eigne bein og kompetansen på ASK er auka.

Tre hovudfokus

For at barn med store samansette vanskar skal få god nok tilrettelegging, treng personalet direkte rettleiing samstundes som ein bygger eit system som tek vare på kompetansen og vidareutviklar han. Sande meiner innsatsen på Stord har vore som eit kinderegg, med tre hovudfokus:

  1.  Auke kompetansen til dei som arbeider tett på barn med store kommunikasjonsvanskar. Det har skjedd gjennom kunnskapsformidling og direkte rettleiing på praksisen til personale rundt kvart enkelt barn.
  2. Støtte PPT i å utvikle eit systemretta arbeid som vidarefører punkt 1.
  3. Kompetanseheve PPT knytt til punkt 1 og 2.

Sande skildrar arbeidet på Stord som vellukka og meiner kommunen no har trygge fagfolk som er mykje betre rusta til å komme tidleg i gang med ASK. Ho rosar PPT for Stord og Fitjar for innsatsen med ASK-nettverket.

– Det er flott at kommunen har satsa på intern kompetanseheving og å bygge eit fagleg nettverk, seier Sande.

Likeverd og respekt 

Statped og PPT har samarbeida tett frå første stund. I fellesskap har dei jobba med mål, innhald, deltakarar og organisering av ASK-nettverket. Samarbeidet har vore tufta på likeverd og respekt for den andre sin kompetanse. Statped har bidratt med spisskompetanse på ASK og erfaring med nettverksarbeid. PPT har bidratt med kunnskap om og kontakt med skular og barnehagar samt all praktisk organisering.

– PPT har vore involvert og myndiggjort i arbeidet og fått ein kompetanse som dei kan ta med seg i vidare arbeid. Ikkje minst har rådgjevarar lært å drifte eit systemarbeid, seier Sande og held fram: – Generelt har PPT eit stort potensial til å jobbe meir systemisk, men har gjerne ikkje erfaring med slikt arbeid.

Eigne behov

Nettverk er ein god modell for systematisk kompetanseheving. Tilsette i PPT har gjerne nokre særskilde behov for kunnskap, til dømes om å kartlegge dei som treng ASK og å skrive sakkunnige vurderingar av dei. Før dei fleste nettverkssamlingane har Statped difor halde eigne fagdagar for tilsette i PP-tenesta i Stord og nokre nabokommunar. Dette har gitt tilsette naudsynt kunnskap og vore med på å gje PPT fagleg autoritet og legitimitet.

Brukar meir ASK

– Vi har lært fleire måtar å nytte ASK på og fått kjennskap til ulike verktøy. No har Stord kommune meir fokus på å bruke ASK, seier spesialpedagog Asborg Fresvik Hystad.

Asborg F Hystad

Hystad jobbar i eit spesialpedagogisk barnehageteam i Stord kommune. Teamet følger opp barn med enkeltvedtak i dei 22 barnehagane og er del av førebyggande teneste.

Dele erfaringar 

Dei seks spesialpedagogane i teamet har alle deltatt i ASK-nettverket frå start og hatt stor nytte av det. No har heile teamet den same kompetansen og kan dele erfaringar og drøfte med kvarandre og resten av ASK-nettverket. Hystad har lært mykje av å høyre på korleis andre jobbar og av å få rettleiing og innspel på det ho sjølv erfarer på jobb.

Gjennom ASK-nettverket har ho også lært seg kommunikasjonssystemet PECS. Ho fekk råd om at dette kunne vere nyttig for eit barn ho følgde opp. Ein rådgjevar frå Statped ga opplæring i PECS på nokre videomøte mellom samlingane. Hystad har sidan introdusert kommunikasjonssystemet for resten av det spesialpedagogiske teamet og innført det for eit nytt barn. Andre fagpersonar har fått opplæring i andre kommunikasjonsformer.

– Vi har verkeleg jobba målretta med ASK og tar kunnskapen med oss i vidare arbeid, seier Hystad.

Naturlig å tenke ASK

ASK-nettverket har ført til at fleire barn i Stord kommune brukar ASK. Når små barn ser ut til å ha kommunikasjonsvanskar, er det no naturleg for fagfolk å utforske om barnet treng ASK. Førskuleteamet har også begynt å bruke alternativ eller supplerande kommunikasjon for barn som ikkje utviklar talespråket i forventa tempo. Mange barn treng ei støtte for å stimulere ei naturleg språkutvikling. Då kan til dømes bilete og symbol hjelpe dei på veg.

– Barn som snakkar lite, ikkje klarer å få kommunikasjonen i gang, som ikkje tar kontakt med andre eller framandspråklege som ikkje kan norsk, kan ha nytte av ASK ein periode, forklarar Hystad.

Side 14 av 21