StatpedMagasinet 2–2018

PP-tenesten og vegen vidare - refleksjoner om nettverk som metode

Spesialpedagogikken er eit ungt fag. Diskusjonar, rapportar og målsetjingar knytt til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning i eit inkluderande perspektiv er enda yngre. Me arbeider i eit dynamisk fagfelt, der endringar er ein naturleg konsekvens av at kunnskapsgrunnlaget endrar seg.

En pedagog med et barn i en rullestol foran seg. Barn i forgunnen.

I skrivande stund er det stor spenning knytt til konsekvensane av den mykje omtala «Nordahl-rapporten» (2018), som teiknar eit dystert bilete av det spesialpedagogiske landskapet. Seinare års rapportar, særskilt Barneombodet: «Utan mål og meining» (2017) og «Kvalitet i opplæringen for elever med utviklingshemming» (2016) gjer at debatten kring kvaliteten på opplæringa er venta og naudsynt.

PPT har eit todelt mandat

Tenesta skal gjera lovpålagte sakkunnige vurderingar og bistå barnehagen/skulen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilrettelegga tilbodet for barn med særlege behov. Dette er ei utfordrande oppgåve. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) har stått i eit vedvarande krysspress mellom arbeid med individsaker og å gje støtte til systema knytt til tilrettelegging (Fylling & Handegård, 2009). I praksis kan dette sjåast på som førebyggande innsats mot sakkunnige vurderingar. I eit inkluderande perspektiv vert det konfliktfylt å oppretthalde ei individforståing i møte med pedagogiske utfordringar. Mitt inntrykk frå å ha sete i PPT for Stord og Fitjar, er at det hjå mange PPT-kontor vert arbeidd mot meir fokus på det systemiske arbeidet og at dette arbeidet er utfordrande.

Handlingskompetanse

Hustad, Strøm og Strømsvik sin rapport «Kompetanse i PP-tjenesten – til de nye forventningene?» frå 2013 skriv dei at tenesta i hovudsak har fagleg kompetanse på veldig høgt nivå. Dei peikar på at dersom PPT skal lukkast med å arbeida meir førebyggande og bidra til tidleg innsats, er det avhengig av tenesta si utvikling av handlingskompetanse på dette området. I den samanheng vises det i tillegg til at dette avheng av korleis samarbeidspartane, barnehagane og skulane, samhandlar med PPT.

NTNU sin rapport «Rett til spesialundervisning eller rett til deltakelse» frå 2017 viser samanheng mellom korleis aktørane opplever PPT og andel spesialundervisning. I kommunane der PPT vert opplevd å vera tilgjengeleg, fagleg kompetent med fokus på førebyggjande arbeid og tidleg innsats, er andelen spesialundervisning lågare enn der tenesta i hovudsak er opplevd å vera eit sakkunnig og rådgjevande organ. Dette er både logisk og naturleg, men i den kommunale kvardag viktig å vera bevisst. I dette landskapet har me lokalt (Stord og Fitjar) arbeidd over tid med ulike modellar for nettverksarbeid. Arbeidet føreset samarbeid med skular og barnehagar og at ein klarar å forankra arbeidet som eit felles prosjekt. Hjå oss har me utarbeidd «fagpakkar» knytt til fag, læringsteori og ulike vanskeområder. Eitt av nettverka me koordinerer har fokus på ASK. ASK-nettverket skil seg frå dei øvrige ved at det hadde sitt utgangspunkt i trong for auka kompetanse i heile kommunen, både hjå PPT, skular og barnehagar.

To utfordringar

Smilende jente blir trillet i skolegården

Uansett korleis framtida ser ut for PPT er det tydeleg at den systemiske støttefunksjonen vert sentral. Det er framleis uvisst kva konsekvensar Nordahl-rapporten får, men det verkar tydeleg at ein konklusjon vil vera å få støttefunksjonane nærare praksisfeltet. I eit inkluderande perspektiv vil det innebera, som indikert i rapporten, at ein utviklar lokal kompetanse som gjer at fleire born finn seg til rette innanfor dei ordinære rammene. For oss, og truleg andre kommunar, byr dette på særleg to openbare utfordringar.

  1. Å finna arbeidsmåtar som bidrar til kompetanseheving og organisasjonsutvikling. Med utgangspunkt i born med særlege behov, å arbeida saman med barnehagar og skular for ei inkluderande opplæring.
  2. Å ha lokal kompetanse knytt til sjeldne utfordringar. Dei fleste PP-tenestar, skular og barnehagar har god kompetanse knytt til generelle lærevanskar, atferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar med meir. ASK er eit døme på eit felt der dei fleste institusjonane truleg vil treffa barn med behov, men det førekjem med «låg» hyppighet. I tillegg er det eit område i rask utvikling og det vil vera krevjande for kvar einskild skule eller barnehage å følgje med.

ASK-nettverket er relevant i høve til begge desse utfordringane. Arbeidet med ASK knyt seg direkte til barn og unge sin muligheit til deltaking og er særskilt relevant i eit inkluderingsperspektiv. Mange av dei målsetjingane ein arbeider mot i norsk skule og barnehage, kan ha ei «diffus» tilknyting til barn og unge sin kvardag. Arbeid med ASK knyt seg derimot direkte til grunnleggande sider ved å vera menneske: kommunikasjon og samspel. I nettverket arbeidde me med planlagt progresjon og hadde på dei fyrste samlingane fokus på kartlegging, utprøving og trening. Deretter vart fokuset retta mot ASK i miljøet og saman med andre born. Det var grunnleggande i arbeidet at ASK ikkje var for «treningsrommet». Å læra seg ein annan måte å kommunisere på inneber mykje øving, noko som naturleg høyrer «treningsrommet» til. Samstundes er det ute i miljøet den autentiske kommunikasjonen og samhandlinga førekjem. Det vart såleis viktig å nytta barnet si kommunikasjonsform i miljøet, til dagleg. For å få til det vart det viktig å sørgje for at kunnskapen frå nettverket skulle implementerast i barnehagen/skulen. Fokuset på å arbeida i det ordinære og å kome seg ut av grupperommet, kan ein med rimeleg tryggleik påstå er ei hovudutfordring i det generelle spesialpedagogiske landskapet.

Tettare på praksis

Som vist tidlegare har PPT jamt over høg fagleg kompetanse og treng å utvikla handlingskompetanse (Hustad, Strøm og Strømsvik 2013). Målsetjinga i all kompetanseutvikling lyt naturleg vera endring av praksis og ei von om at endringa er merkbar hjå elevane. Grunntanken ved å nytta nettverk som metode er å kome tettare på praksis for å vegleia og reflektera kring relevante problemstillingar. Joyce og Showers (2002) si klasseromsforsking viser at sjansen for omsetjing av kunnskap til handling er størst når den kjem som resultat av teori, modellering, praksis og tilbakemeldingar under gjennomføring – og deretter relevant vegleiing. Me nytta teoriøkter og rettleiing i grupper på bakgrunn av video som fast struktur i nettverket for å prøva å kome så nær praksis som råd.

Assistent hjelper elev i rullestol med å skrive

Må tilpasse seg ei ny tid

Seinare års rapportar knytt til det spesialpedagogiske feltet vil tvinga fram betydelege endringar knytt til det spesialpedagogiske arbeidet i barnehagar og skular. Noko anna vil vera oppsiktsvekkande. Dette inneber at dei spesialpedagogiske støttesystema må tilpassa seg ei ny tid. Det nye spesialpedagogiske handverket for PPT vert å finna arbeidsformer nær praksis, med høg relevans og såleis bidra til kompetanseheving i barnehagar og skular. Dette mandatet har ein allereie. Min påstand er at det vil verte auka fokus på denne sida av arbeidet vårt framover. Lokalt har me byrja å gjere oss erfaringar med nettverk som metode. Det er framleis ei relativt ny tilnærming, men tilbakemeldingar frå samarbeidspartnarar og eigne evalueringar indikerer at me er på rett veg. Dette er motiverande for oss, då PPT si rolle i den lokale «fauna» ikkje kan endrast av PPT åleine. PPT si handlekraft vil vere avhengig av samhandlingspartane sine forventningar og krav til tenesta.

Tore Blokhus

Tore Roth Blokhus er rådgjevar i PP-tenesten i Stord kommune. Han har hatt ei sentral rolle i utviklinga av ASK-nettverket på Stord.

Kjelder

  • Bachmann K., Haug, P. & Nordahl, T. T. (2016). Kvalitet i opplæringen for personer med utviklingshemming. Notat nr. 2/2016. Volda: Høgskulen i Volda.
  • Barneombudet (2017). Uten mål og mening? Elever med spesialundervisning i grunnskolen. Barneombudets fagrapport 2017. Oslo: Barneombudet
  • Fylling I & Handegård T. L. (2009) Kompetanse i krysspress? Kartlegging og evaluering av PP-tjenesten (Vol nr. 5/2009) Bodø: Nordlandsforskning.
  • Hustad, B.-C., Strøm, T. OG Strømsvik, C. L. (2013) Kompetanse i PP-tjenesten – til de nye forventningene?. Rapport NF 2013/2. Bodø: Nordlandsforskning
  • Joyce, B. R., & Showers, B. (2002). Student achievement through staff development (3rd ed.). Alexandria, VA: Association for Supervision & Curriculum Deve (ASCD).
  • Nordahl, T. m.fl. (2018). Inkluderende fellesskap for barn og unge, ekspertgruppen for barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging. Bergen: Fagbokforlaget.
  • Wendelborg, C., Kittelsaa A.K. & Caspersen, J. (2017). Rett til spesialundervisning eller rett til deltakelse? Trondheim: NTNU Samfunnsforskning.

Side 13 av 21