StatpedMagasinet 2–2016

Universell utforming på nytt statped.no

En laptop som viser statped.no på skjermen

I sommar fekk Statped ny nettstad. Målet er at alle skal kunne bruke statped.no, sjølv om ein har vanskar med syn, rørsle, minne, lesing eller anna.

Universell utforming (UU) vil seie å lage noko slik at alle kan nytte det, uansett funksjonsnivå. Både hus, uteområde, programvare, tenester, nettstader og mykje anna kan vere universelt utforma. Då trengst det i liten grad spesialløysingar for enkelte brukargrupper.

Med ny nettstad har Statped som mål å by fram ei teneste som alle kan bruke. ‒ Vi ønsker at alle som har nytte av innhaldet på statped.no, skal kunne ta det i bruk. Då må vi legge til rette for alle nettbrukarar, uavhengig av funksjon, seier kommunikasjonssjef Marit H. Meyer i Statped. Ho understrekar at god universell utforming er godt for alle menneske.

‒ Universell utforming er viktig og naudsynt for nokon, men godt for alle. Til dømes er nokre avhengige av visse farger og kontrastar for å kunne lese innhaldet, men vi liker jo alle å sjå tydeleg og lett kva som står på skjermen. For nokre er lett tilgjengelege tekstar naudsynte, men kven set vel ikkje pris på ein lettlest tekst? påpeiker Meyer.

Handlar om medvit

Universell utforming på nett handlar om korleis ein nettstad er bygd opp teknisk. Det handlar også om korleis innhaldet er presentert og formulert. Mellom anna må sida

  • vere koda riktig
  • ha god struktur, slik at det er lett å finne fram
  • ha korrekte farger og kontrastar
  • presentere lenker på bestemte måtar
  • tilby tekst som alternativ til bilete
  • ha lettleste tekstar

Ei forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske løysingar (IKT-løysingar) seier at dei som hovudregel skal vere universelt utforma i Noreg. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) fører tilsyn med verksemder for å sikre at dei følger reglane.

Ei undersøking utført av Difi i 2015 viser likevel at norske verksemder generelt er for dårlege på universell utforming av nettstader. Det kan få store konsekvensar for nokre, fordi dei går glipp av viktig informasjon.

‒ Det er ikkje kostbart eller komplisert å lage ein universelt utforma nettstad. Ofte er det relativt enkle grep som skal til. Mest av alt trengst det medvit og vilje for å legge til rette for alle brukarar, seier Meyer. Ho oppmodar til å la universell utforming vere eit aspekt i ordinært utviklingsarbeid med nettstader.

‒ I dag er dei fleste verksemder opptatt av å vidareutvikle nettstadar kontinuerleg og tilpasse dei til trendar og tekniske løysingar. I det same utviklingsarbeidet kan vi velje å ta med universell utforming, seier Meyer.

 Marit Helene Meyer utendørs

Dialog med brukarane

Statped er i tett dialog med brukarar for å gjere tenestene og verksemda betre. Brukarane har difor blitt lytta til når den nye nettstaden blei laga. Til dømes har personar med nedsett syn vore med på å teste nytt statped.no. Men sjølv om Statped har høge ambisjonar om ein godt universelt uforma nettstad, er det krevjande å komme heilt i mål.

‒ Ein nettstad blir aldri ferdig, seier Svein Erik Moløkken, som er redaktør for statped.no.

  Smilende Svein Erik Moløkken

‒ For tida arbeider vi vidare med innhaldet og er takksame for tips frå brukarane. Vi legg også opp til ein portal for foreldre. Vi må også få på plass tekstar om universell utforming i opplæringa og om forsking og utvikling. Det som er mest utfordrande, er å halde orden på heilskapen, legg han til.

Verkemiddel for å inkludere

Når ein nettstad er universelt utforma, trengst i liten grad særskilde løysingar for ulike grupper. Dermed er universell utforming inkluderande.‒ Å utvikle ein nettstad er ei kontinuerleg oppgåve. Å betre tilgangen er også noko vi må jobbe med heile tida. Vi er ikkje i mål og må heile tida sjå på gode løysingar, men vi trur vi har tatt nokre viktige skritt for å gjere statped.no tilgjengeleg, avsluttar Meyer.

Ta gjerne kontakt med redaksjonen for statped.no om du oppdagar noko som gjer det vanskeleg å bruke nettstaden. Bruk e-postadressa redaksjon@statped.no.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Side 23 av 25