Om det å vere inkludert i skulen

– Det er mogleg å få til inkludering og godt læringsutbytte for barn med utviklingshemming og store samansette lærevanskar, seier Tone Mørk, direktør i Statped. 

Tone Mørk, direktør i Statped
Tone Mørk, direktør i Statped

In English: To be included in school

Noreg var lenge eit føregangsland for inkludering, men i dag går fleire barn på spesialskular eller spesialavdelingar enn då vi hadde statlege spesialskular. Stortingsmeldinga «Læring og fellesskap» frå 2010 peiker på at mange barn og unge med utviklingshemming og store samansette lærevanskar blir møtt med for låge forventningar og mangelfull pedagogisk innsats i skulen. Dette gjeld uavhengig av om eleven går på spesialskule eller i vanlig skule.

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet utviklar Statped (Statleg spesialpedagogisk teneste) tiltak for å fremje inkludering og auka læringsutbytte i barnehagar og skular for barn med utviklingshemming eller store samansette lærevanskar.

Inkludering handlar om å høyre til

Inkludering i skulen kjem ikkje av seg sjølv. Det krev ei leiing som jobbar fram inkluderande haldningar og praksis blant elevar og tilsette. Viktige spørsmål som må drøftast, er:

  • Kva betyr inkludering i praksis?
  • Finst det elevar som ikkje kan inkluderast i ein vanleg norsk skuleklasse?
  • Må elevar vere like for å ha glede av samhandling med kvarandre?
  • Korleis kan det undervisast på ulike nivå i same klasserom?

Opplæringslova seier at elevane skal «delast i klassar eller basisgrupper som skal ivareta deira behov for sosialt tilhør». Alle elevar har rett til tilpassa opplæring, men for nokre krev tilpassa opplæring så omfattande tilrettelegging at dei treng spesialundervisning. Det er dessverre ei utbreidd oppfatning at spesialundervisning skal skje utanfor klasserommet. Det betyr at jo meir spesialundervisning ein elev har, jo meir er han ute av fellesskapen. Slik treng og bør det ikkje vere. Spesialundervisning i klasserommet betyr ofte ein ekstra vaksen, noko som er ein ressurs både for lærar og medelevar.

«Å høyre til» handlar om korleis skulekvardagen er organisert, men også om opplevinga av å bli rekna med. Ein må jobbe målretta for å få til reell inkludering.

Statped støtter skular i å utvikle ein inkluderande praksis der elevar med utviklingshemming og store samansette lærevanskar har ein naturlig plass i jamaldringsfellesskapet. Det har handla om å gi lærarane tips om metodikk, organisering og læringsressursar, men like mykje om å støtte skulen med å utvikle ein kultur for inkludering.

Styrke laget rundt læraren

Det er viktig å styrke laget rundt læraren. Det er krevjande å ha fagleg ansvar for elevar med store avvik frå læreplanverket. Om desse elevane skal få auka læringsutbytte, trengst kompetanse både på fag, læreplanverk, metodikk, tilrettelegging og evaluering. Dette kan lærarar mykje om, men dei vil trenge ein tilleggskompetanse for å klare å omsette dette i opplæringa av elevar med store og samansette lærevanskar.

Opplæringslova lovfestar retten til kompetanseutvikling hos personale med særoppgåver, og skulen må legge til rette for dette. Men å styrke laget rundt læraren handlar også om organisatoriske grep. Fast samarbeidstid for dei som jobbar med eleven, er avgjerande. Støtte frå PP-tenesta, leiinga og kollegaene i arbeidet med å skrive individuell opplæringsplan er også viktig.

Ikkje minst er skuleleiinga og kollegaene si tilslutning til visjonen om inkluderande opplæring avgjerande for at det skal gjerast godt arbeid over tid.

Inkludering gagnar alle

Inkludering gagnar både eleven med særskilde behov og medelevane. Eit omfattande norsk forskingsarbeid viser at born som er mykje i klassen sin, har høgare sosial deltaking på fritida enn barn som er mykje ute av klasserommet eller går på spesialskule (Tøssebro og Ytterhus, 2006). Ei vanleg klasse gjev eleven tilgang til eit impulsrikt miljø med gode rollemodellar, vener og kjende.

For alle menneske er det å kjenne og samhandle med personar med utviklingshemming ein verdifull kompetanse i livet. Dette er kunnskap ein ikkje kan lære gjennom å lese ei lærebok. Kunnskapsløftet seier at «målet for opplæringa er at ho skal ruste barn, unge og vaksne til å møte livsens oppgåver og meistre utfordringar saman med andre. Opplæringa skal gi kvar elev kompetanse til å ta hand om seg sjølv og sitt liv, og samtidig overskott og vilje til å vere andre til hjelp». Difor er det viktig å ha fokus på korleis barnehagar og skular kan utvikle eit inkluderande opplæringsmiljø.