Om tidleg innsats

Tidleg innsats handlar om å gi hjelp så tidleg som mogleg i livet til eit menneske, anten vanskane oppstår i førskulealder eller seinare i livet.

Tidleg innsats er svært viktig. Med tidleg innsats kan vi unngå at

  • vansken blir unødvendig stor
  • det oppstår tilleggsvanskar

Med tidleg innsats kan vi også førebyggje

  • skeivutvikling
  • sosiale vanskar
  • lærevanskar
  • fråfall i skulen
  • å hamne utanfor arbeidslivet

Ikkje vent og sjå

Dei fleste barna som har særskilde opplæringsbehov, blir fanga opp tidleg av hjelpeapparatet og barnehagen. Mindre vansker blir derimot ikkje alltid oppdaga like lett. Men tidleg innsats er viktig også for barn med mindre vanskar.

Grip derfor tak i mistankar du måtte ha. Undersøk om barnet kan ha ein vanske – ikkje vent og sjå.

Nasjonal satsing

Det er viktig å fange opp dei barna som treng noko ekstra så tidleg som mogleg. Mange opplever likevel at det går for lang tid før dei får hjelp. Årsakane kan være mange. Målet må vere å få ned ventetida og skape betre flyt mellom hjelpeinstansane.

Statped legg vekt på å gi tidleg hjelp og prioriterer søknad om tenester knytt til barn opptil sju år.