Hopp til hovednavigasjon Hopp til hovedinnhold

Søk i Skolenettet

 

IKT gjer samhandling mogleg


11.05.2005 Skriv ut
malin og maren 153
Ungdomsbedrifta ”Globe Connections” ved Haram vidaregåande skule tok del under læreplankonferansen ”med innsIKT og utsIKT til ny læreplan” som samla 300 lærarar og skoleleiarar frå heile Møre og Romsdal 26.–-27. april 2005.

Biletet:
Malin (t.v.) og Maren frå Globe Connections
 
 
Tekst og bilete:  Inger Moene
 
Saman med lærar Torleiv Austnes og medelevar i studio ved Haram vgs. viste dei oss ulike bruksområde for desse samhandlingsverktya. Elevane, som har faget IBD (International Business Development), har starta ungdomsbedrifta Globe Connections. Ein del av konseptet er å halde kurs i bruk av kommunikasjonsverkty som MSN, Netmeeting og Skype.
 
Gode kommunikasjonsverkty
– Desse verktya kjem spesielt til sin rett over store avstandar, seier jentene entusiastisk. Dei presenterte i løpet av ein knapp time under konferansen fleire gode kommunikasjonsverkty – verkty som er gratis og lett tilgjengelege, og som vert altfor lite brukte. Dei legg til at ein enkelt kan samarbeide mellom to ulike lokalitetar med å utarbeide eit felles dokument, dele dokumentet og samtidig ha kommunikasjon med lyd og bilete. Dette demonstrerte dei med hjelp av to datamaskiner, nettkamera, mikrofon og to videokanonar. Det eine skjermbiletet kalla dei samhandlingsområdet. Det andre viste elevane som sat i studie ved Haram vidaregåande skule.
 
Bruksområda
Studio er eit samarbeid mellom kommunen og næringslivet i Haram. For bedriftene er dette interessant på fleire måtar. Elevane får kompetanse, og dei lærer seg å tenke i større samanhengar. – Vi ser ei fantastisk utvikling innan lyd og bilete på Internett, seier lærar Torleiv Austnes. Vi er enno berre i startgropa, men dette kjem til å få mykje merksemd i tida som kjem. Då har vi opparbeid pedagogisk innhald som kan fylle verktya, seier han.
 
Framtidsvisjon
Skolen har i dag eit samarbeid med NTNU i Trondheim. – I dette samarbeidet vert studioet flittig nytta, seier leiar av Haram innovasjonsstudio, Guttorm Ulla. Han fortel at dei har som framtidsvisjon at dette verktyet skal kunne auke fagtilbodet ved skolen. Elevane lærer mykje gjennom å nytte digitale verkty. Den virtuelle kvardagen er i framtida kostnadseffektiv gjennom at ein slepp å reise for å arrangere møte. Maren og Malin presiserer kor viktig det er at ein har møttest andlet til andlet før ein tek til med nettbasert samarbeid. Elles vert det vanskeleg å opprette ein god dialog, seier dei.
 
Samarbeidsorientert læring
Så viser dei oss korleis dei samarbeider om eit dokument. Maren må tilstå at ho burde vore i Brattvågen og jobba med særoppgåva si om norsk fiskeri og fiskerigrensa. I staden er ho her i Molde på konferanse. – Ikkje problem, seier dei frå studio i Haram. Dei hentar opp oppgåva frå hennar område på datanettverket ved skolen. Deltakarane i salen ser at kartet over norske havområde kjem opp på storskjermen. Elevane i studio lurer på kva ho så treng hjelp til? – Eg må teikne inn fiskerigrensene, seier Maren. Elevane byter på å ha kontroll over dokumentet. Slik samarbeider dei på kryss av stor avstand om oppgåva

Malin og Maren avsluttar med å fortelje at ”Globe connections” gjerne held kurs i korleis ein kan ta slike verkty i bruk i samhandling.
 
Ungdomsbedrifta Globe Connections
 
Ungdomsbedrifta Globe Connections under konferansen.

Til nettstader:
Du kan sjølv sjå Haram design studio “live” på: http://www.physual.net/haramlive.html

Les meir om Haram innovasjonsstudio på:
http://www.haram.vgs.no

TIPS EN VENN

Sende til flere mottakere? Bruk komma mellom adressene.

Nyhetene

  • Ny internasjonal studie om IKT
    sites 2006 Norske skoler har god tilgang til IKT-utstyr sammenlignet med andre land, ifølge en ny internasjonal undersøkelse. Det er 22 land som deltar i undersøkelsen.
  • Brobyggeren - et brobyggingsprosjekt mellom norsk og svensk ungdom
    Svinesundsbroen 65 I forbindelse med hundreårsjubiléet og ny Svinesundsbro skal det bygges broer på flere nivåer - med pasta, LEGO og kommunikasjon på kryss og tvers.
  • Verdfullt kontaktnett
    Overrekkelse 65 All forsking viser at elevar som har arbeidd med si eiga ungdomsbedrift (UB), har mykje større sjanse enn andre til å starta opp for seg sjølv seinare i livet. Veldig ofte skjer etableringane i små byar og meir grisgrendte strok.
  • Maktdemonstrasjon av Metal Solutions UB
    Fancy eyes og Erna Solberg 65 Dalane vidaregåande skule i Egersund er tidlegare plukka ut av Kristin Clemet til å vera ein demonstrasjonsskule for den friske satsinga dei gjer innan ungt entreprenørskap.

Artikler (Modul)

  • IKT i skolen
    ikt i skolen Skolenettet har et eget temaområde for bruk av IKT i skolen. Her finner du en rekke ressurser, tips og artikler som setter fokus på pedagogisk bruk av IKT.

Innholdsområdene

  • IKT i skolen
    IKTiskolen bilde Her vil du finne mye nyttig stoff innen IKT-området, enten du er IKT-ansvarlig eller en IKT-interessert lærer.