Kartlegge og utgreie afasi

Etter hjerneskaden skal ein logoped kartlegge språkleg kunnskap og dugleikar. Dette er for å finne ut korleis oppfølginga kan bli gjort på best mogleg måte.

Afasi verkar inn på fleire grunnleggjande dugleikar; å kunne lese, snakke, skrive, nytte digitale verktøy eller rekne. Dugleikane må ofte bli lært på nytt eller haldast ved like for å ikkje bli dårlegare etter eit hjerneslag.

Les meir her: arbeid med afasi og forståing av tale, arbeid med afasi og leseforståing.

Kommunar og PPT kan søke om tenester frå Statped i høve kartlegging og utgreiing av afasi.

Her er ei liste over materiell som blir brukt av logopedar til å kartlegge og greie ut språk og kommunikasjon hos personar med afasi: