Kartlegging av afasi
For å kunne utarbeide tiltak for personar med afasi må språklege og kommunikative ferdigheiter kartleggast. Kartlegging av språklege ferdigheiter vil seie å kartlegge dei fire språklege områda (modalitetane):
- Forstå talespråk (auditiv forståing)
- Snakke (muntlig språkproduksjon)
- Lese
- Skrive
Ved kartlegging av kommunikative ferdigheiter er målet å identifisere alle kanalar og strategiar som blir brukt i kommunikasjon (funksjonell kommunikasjon), for eksempel kroppsspråk. Det er også viktig å kartlegge miljøfaktorar, psykososiale forhold og kognitiv funksjon. Det er fleire formål med kartlegging ved afasi:
- finne ut kva for språklege funksjoner som er ramma, og i kva grad.
- få informasjon om kva personen klarer bra og kva som er vanskeleg i språk og kommunikasjon.
- utarbeide tilpassa tiltak og mål for tiltaka.
- vurdere og dokumentere effekt av tiltaka.
Tilrettelegge miljøet rundt personen
Det er også viktig å kartlegge korleis personar med afasi har det. Det kan gjerast både ved bruk av samtalar og kartleggingsverktøy for kartlegging av livskvalitet og psykososiale forhold. Kartlegging og gjennomføring av tiltak skjer ofte meir eller mindre parallelt. Du kan lese meir om tiltak her.
Kartlegging av fleirspråklege personar
Alle språka bør kartleggast når ein person som snakkar fleire språk får afasi. Dette er viktig for å:
- få ei oversikt over korleis dei ulike språka er ramma.
- planlegge logopediske tiltak.
For å kartlegge alle språka er det nødvendig å bruke tolk til dei språka logopeden ikkje snakkar sjølv. Det er viktig å lære opp tolken i å kommunisere med personar med afasi og forklare kva tolken skal gjere under testinga. Logopeden bør vere til stades under kartlegginga.
Formell og uformell kartlegging
Det er ulike former for kartlegging. Eit grovt skilje går mellom formell og uformell kartlegging, og det er nyttig å gjere begge delar ved kartlegging av språk og kommunikasjon.
Formell kartlegging føregår ved hjelp av testar og spørjeskjema. Dei er normalt prøvd ut på ei gruppe personar med og utan afasi (normering). På den måten kan resultata samanliknast.
Ved uformell kartlegging er det ikkje mogeleg å samanlikne resultata med andre. Uformell kartlegging føregår gjerne ved observasjonar og samtalar. Det er ingen strukturerte metodar for samtale og observasjon som er tilpassa til norsk.
Det kan vere hensiktsmessig å tenke ut ifrå ICF-perspektivet (internasjonal klassifikasjon av funksjon, funksjonshemming og helse). Det vil seie kartlegging ved strukturert observasjon og samtale av ulike forhold rundt deltaking i kvardagen, omgjevnadar rundt personen med afasi og personlege faktorar i tillegg til språkvanskane.
Framgangsmåte
Språkkartlegginga bør vere brei i omfang. Det vil seie at dei ulike språklege områda bør kartleggast i ulike samanhengar:
- Ei første kartlegging i form av språkleg screening og/eller ein generell afasitest
- Samtalar med personen med afasi og gjerne ein nærperson
- Kartlegging av bestemte språklege og kommunikative ferdigheiter basert på hypotesar om vanskane og kva mål for tiltak som er sett
Kartleggingsmateriell
Det er fleire ulike kartleggingsverktøy å velje mellom. Formålet med kartlegginga avgjer kva for testar eller kartleggingsverktøy som blir brukt.
Generelle språktester som kartlegg i bredda
- Comprehensive Aphasia Test (CAT-N) undersøker språklege ferdigheiter i bredda, innan den kognitive nevropsykologiske tradisjonen. Testen består av tre delar: ei kognitiv screening, språktestar på enkeltords-, setnings- og tekstnivå, samt eit spørreskjema om å leve med afasi. CAT-N er difor den første norske afasitesten som tar for seg både skadebaserte og konsekvensfokuserte problemstillingar.
Her kan du kjøpe CAT-N. - Norsk Grunntest for Afasi (NGA) er ein eldre språktest som undersøker alle språklege modalitetar innan den nevropsykologiske tradisjonen.
Her kan du laste ned testprotokoll og ordkort (LHL). - Haukeland afasi-screening test (HAST) inneheld ei språkleg screening for lette til moderate vanskar og ein for betydelege vanskar. Screeninga for lette til moderate vanskar er prøvd ut på personar med og uten afasi (normering).
Her kan du kjøpe HAST.
Spesifikke språktestar som kartlegg i djupna
- Alfabetprøve for afasirammede er ei prøve som kartlegg alfabetkunnskap hos personar med afasi.
Her kan du kjøpe Alfabetprøve for afasirammede. - PALPA Kartleggingsmateriell er eit omfattande testbatteri for kartlegging av afasi. Hensikta er å bruke deltestar for å kartlegge ulike språkområder i djupna. PALPA er tilrettelagt norske forhold og prøvd ut på normalspråklege.
Her kan du kjøpe PALPA (Novus forlag). - Pyramide- og palmetesten (PyPat) undersøker forståing av semantisk kunnskap. Semantikk handlar om betydninga til ord og samanhengen mellom ord, for eksempel at ord kan plasserast i ulike kategoriar.
Her kan du kjøpe PyPat (Novus forlag). - Verb- og setningstesten (VOST) kartlegg vanskar med å produsere og forstå verb og setningar.
Her kan du kjøpe VOST (Novus forlag).
Bildebeskrivingar
- Teikneserien Fugleskremselet blir brukt for å få fram og analysere samanhengande tale.
Les om framgangsmåte her (Norsk tidsskrift for logopedi). - Teikninga Kaketyveriet blir også brukt for å få fram og analysere samanhengande tale.
Les om framgangsmåte her (Norsk tidsskrift for logopedi)
Kartlegging av kommunikasjon
- Spørjeskjema for nærpersoner. Communicative Effectiveness Index (CETI) på norsk er eit spørjeskjema for nærpersonar. Det er eit måleredskap som måler endringar i dagleg kommunikasjon hos personar med afasi.
Last ned CETI her.
Kartlegging av livskvalitet og psykososiale forhold
- AIQ – Spørreskjema om å leve med afasi er eit afasivenleg sjølvrapporteringsskjema for kartlegging av personar med afasi.
- Slag, afasi og livskvalitet (SALK-39) er eit spørjeskjema for å vurdere den helserelaterte livskvaliteten til personar med afasi.
Last ned SALK-39 her. - Visuell Analog selvaktelsesskala (VASAS) – kartleggingsmateriell for selvaktelse. VASAS er eit spørjeskjema som kartlegg kjensler hos personar med kommunikasjonsvanskar. Skjemaet kan også bidra til at vedkommande får formidla korleis han eller ho ser på seg sjølv.
Last ned VASAS her.
Kartlegging av fleirspråklege med afasi
- Bilingual Aphasia Test (BAT) er ein afasitest for personar som er fleirspråklege. BAT finst på meir enn 65 språk.
Last ned BAT her. - Det er også nyttig å kartlegge korleis ein person med afasi fortel historier på alle språka han eller ho snakkar. Be personen fortelle ei kort historie eller beskrive teikneseriar eller bilete.