Til hovedinnhold

Kva er afasi?

Afasi er språkvanskar etter ein erverva skade i hjernen. Personar med afasi har behov for og rett til oppfølging av logoped. Hjerneslag er den vanlegaste årsaka til afasi.

Hjerneslag omfattar både hjernebløding og blodpropp i hjernen. Årleg blir om lag 12 000 personar ramma av hjerneslag i Noreg. Det er rapportert at om lag 30 % av desse får afasi. Afasi kan også skyldast hjernesvulst, traumatisk hovudskade eller andre sjukdommar som fører til erverva hjerneskade.

Kva er afasi?

Afasi er språkvanskar etter ein erverva skade i hjernen. Personar med afasi har vanskar med ein eller fleire av dei fire språklege områda (modalitetane):

  • Forstå talespråk (auditiv forståing)
  • Snakke (munnleg språkproduksjon)
  • Lese
  • Skrive

Ofte er alle dei språklege områda ramma. Det er likevel store individuelle forskjellar både i grad av afasi og kva for språklege område som blir ramma. Vi skil graden av afasi slik:

  • Mild afasi
  • Moderat afasi
  • Betydeleg afasi

Vi kan grovt sett skilje mellom flytande og ikkje-flytande talepreg.
Personar med ikkje- flytande talepreg har vanskar med å uttrykke ord og setningar. Dei forsøker ofte å korrigere seg sjølv, og kan vere synleg anstrengt i samtale.

Personar med flytande talepreg uttrykker seg lett munnleg og ofte i likt toneleie og tempo som tidlegare. Ved flytande talepreg kan orda likevel mangle innhald eller ha ei anna betyding enn det som var meint. Språkvanskane er avhengige av kvar skaden er lokalisert i hjernen og omfanget av skaden.

Andre erverva kommunikasjonsvanskar

Det er fleire kommunikasjonsvanskar som kan oppstå i tillegg til afasi etter ein erverva hjerneskade. Du som har afasi kan også oppleve desse kommunikasjonsvanskane i større eller mindre grad:

  • Taleapraksi: talemotorisk vanske på grunn av vanskar med motorisk programmering og planlegging av tale.
  • Dysartri: talevanskar på grunn av nedsett nevrologisk kontroll av talemuskulatur.
  • Stemmevanskar: Funksjonsforstyrring i stemmeapparatet som går ut over stemmekvaliteten og som kan få konsekvensar for kommunikasjonen. Les meir om stemmevansker.
  • Sosiale kommunikasjonsvanskar (kallast òg kognitive kommunikasjonsvanskar og pragmatiske kommunikasjonsvanskar): kommunikasjonsvanskar på grunn av underliggande vanskar med tenke- og oppfatningsevner (kognitiv funksjon).

Oppfølging av logoped

Personar med afasi har behov for og rett til oppfølging av logoped. Logopeden kartlegg språk og kommunikasjon, og utarbeidar individuelt tilpassa og målretta tiltak.

Det er viktig å komme raskt i gang med oppfølginga. Her kan du lese meir om kartlegging og tiltak.

Statped kan bidra

Statped har høg kompetanse på afasi. Statped tilbyr individ og systemtenester. Statped kan også bidra dersom det ikkje er kompetanse i kommunen og dersom det har vore prøvd ut tiltak utan ønska resultat. Les meir om kva Statped kan bidra med.

Afasi og livskvalitet

Afasi rammar brått. Det kan føre til store endringar i livet til personen som får afasi, og hans eller hennar nærpersonar. Personar med afasi kan få endra funksjonsnivå og nedsett livskvalitet. Det er fleire tiltak som kan betre livskvalitet eller opprettehalde god livskvalitet. Les meir om afasi og livskvalitet.

Filmar om afasi

Hva er afasi? Film 3 min.

Film 19 min.

På LHL Hjerneslag og Afasi sine nettsider finner du: