Individtenester
Ei individbasert teneste er retta mot ein person og hjelpeapparatet rundt personen (nærpersonar, oppfølgande logoped og andre fagpersonar) med behov for spesialpedagogisk hjelp. Statped tar imot søknadar frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i heimkommunen din
Dersom du blir følgt opp av andre som for eksempel vaksenopplæring, privatpraktiserande logoped eller helseføretak skal PPT vere innsøkande instans. Fagområdet afasi tilbyr utredning av afasi og gir råd om tiltak. Utredninga baserast på behovet formidla i søknaden. Vi kartlegg systematisk og har ei heilskapleg tilnærming til deg som har afasi.
Vi tilbyr også desse tenestene:
- Rådgjeving og rettleiing til deg med afasi, nærpersonane dine og logopeden din.
- Råd om tiltak basert på kunnskap og forsking (evidensbaserte tiltak)
- Anonyme konsultasjonar
- Kurs for personar med afasi og nærpersonar
Fleirfagleg samarbeid på Statped
Ofte oppstår det andre vanskar i tillegg til afasi når ein gjennomgår ein erverva hjerneskade. Desse vanskane kan også ha stor innverknad i dagleglivet. Afasiteamet samarbeider på tvers av avdelingar og hentar inn spisskompetanse på ulike fagområde når det er behov for det.
Det kan oppstå andre erverva kommunikasjonsvanskar i tillegg til afasi.
Du som har gjennomgått ein erverva hjerneskade kan oppleve endra syn i form av blant anna nedsett skarpsyn, dobbeltsyn og synsfeltutfall. Du kan lese meir om fagområdet syn på Statped.
Både erverva hjerneskade og aldersrelaterte endringar kan føre til nedsett høyrsel. Dersom du har nedsett høyrsel kan dette ha innverknad på kommunikasjonen. Ved teikn til høyrselsvanskar er det difor viktig at du får undersøkt høyrselen og korrigert eventuelle vanskar. Du kan lese meir om fagområdet høyrsel.
Ein erverva hjerneskade kan i større eller mindre grad føre til nedsett tenke- og oppfatningsevne (kognitiv funksjon). Det er også vanleg at du som har afasi opplever auka trøyttleik (fatigue). Du kan lese meir om fagområdet erverva hjerneskade.
Du som har afasi kan også oppleve andre vanskar som lamming eller nedsett kjensle i ei sidene av kroppen og spise- og svelgevanskar (dysfagi). Statped jobbar ikkje med desse helserelaterte utfordringane. Vi samarbeider likevel med andre instansar, og har oversikt over kva for institusjonar som kan hjelpe deg.
Systemtenester
Ei systembasert teneste er ikkje retta mot ein person, men systemet rundt fleire personar med behov for spesialpedagogisk hjelp. Det vil seie systemet rundt deg som har afasi. Fagområdet afasi arrangerer kvart år anten konferansen Afasidagene eller er medarrangør når Nordic Aphasia Conference (NAC) blir haldt i Noreg. Både Afasidagene og NAC er konferansar for logopedar og andre fagpersonar som arbeider innan afasifeltet. Begge konferansane kombinerer praksiserfaring og forsking. NAC blir arrangert annakvart år i ulike land i Norden, medan Afasidagene hovudsakleg er for fagpersonar i Noreg, og blir arrangert i Oslo. Dei siste åra har Afasidagene også vorte videooverført til ulike lokasjonar i Noreg. Statped tilbyr òg følgjande systembaserte tenester etter søknad:
- Kurs og forelesingar for fagpersonar
- Lokal kompetanseheving ved faglege nettverk
- Samarbeid med Universitet- og høgskolesektoren (UH-sektoren) om praksis og rettleiing av masteroppgåver for logopedistudentar
- Tenester til brukarorganisasjonar
Fagpersonar kan søke om systembaserte tenester her.
Strakstilbud
Statped har et strakstilbud til personer med afasi og PPA.
Fagutvikling
Statped har logopedar med høg kompetanse innan afasifeltet. Logopedane har lang erfaring frå afasifeltet og fleire av oss har doktorgrad innan afasi. Vi har spesialisert kompetanse innan følgjande område:
- Nevrologi og lingvistikk knytt til afasi
- Kartlegging og evidensbaserte tiltak ved afasi
- Kartlegging av fleirspråklege med afasi
- Livskvalitet ved afasi
- Andre kommunikasjonsvanskar etter erverva hjerneskade som dysartri og taleapraksi
Vi arbeider i stor grad med fagutvikling i form av oversetting, utvikling og tilpassing av kartleggings- og undervisningsmateriell. Vi samarbeider også med UH-sektoren, kommunal – og helsesektoren om forsking og fagutvikling.
LHL Hjerneslag og Afasi har nettkurs om følgevansker etter hjerneslag.