Laginnsats når språk- og talevanskane blir samansette
Ikkje alle barn i barnehagen utviklar språk og tale på same vis. Når vanskane blir komplekse og samansette, kan kompetanse og laginnsats vere avgjerande.

I Jarenga barnehage i Bærum er det leik med leire. Engasjementet er stort, og midt i sit Live (6) og deltek som ein av dei andre. Men kommunikasjon og leik kan bli krevjande for eit barn som har forstyrringar knytt til språklydar i kombinasjon med omfattande stamming.
Kvar for seg er dette vanskar som kan være utfordrande nok i seg sjølv, men i kombinasjon oppstår nye utfordringar. Då er det godt å ha Caroline Holthe Aakre i nærleiken. Ho trer støttande til som Live sin tolk når det oppstår kommunikasjonsutfordringar. Samstundes som ho ikkje må grip for mykje inn i leiken.

– Eg er på mange måtar hennar veg til kommunikasjon. Det er ein vanskeleg balansegang – ho må heller ikkje bli for avhengig av meg, forklarer Caroline Holthe Aakre, som er utdanna ergoterapeut.

Tidlegare har fr jobba med språklydsvanskane hennar. Då har dei fokusert på å skilje mellom språklydar
– Live er ei veldig glad og nøgd jente som trivst i barnehagen. Ho er ivrig når vi skal trene og kjem gjerne og spør om dei skal jobbe. Utviklinga har vore litt fram og tilbake. Vi legg no inn ekstra innsats mot skolestart og håpar det skal gje resultat, seier Caroline Holthe Aakre.

– Rolla vår er å vere tett på og gjennomføre. Tett samarbeid med høgt kompetente fagfolk er avgjerande for å treffe med tiltak. Statped har vore ei nyttig støtte. I samarbeid med PPT og lokal logoped har det vore utforma eit opplegg vi følger. Eit tett samarbeid med foreldra også heilt avgjerande, forklarar barnehagestyrar Mari Jensen.
Planlegg overgang til skolen
No er dei spente på overgangen til skolen og har allereie tatt initiativ til samarbeid.
– Det er viktig at skolen får overført kunnskap og ikkje minst alle dei erfaringane vi har gjort. Nå må ikkje ting stoppe opp. Forståing for vanskane er eit stikkord. Vi planlegg skolebesøk jamnleg utover våren, seier Jensen.
Her er råda frå barnehagen:
- Stol på magefølelsen når du har mistanke om at noko ikkje stemmer når det gjeld språk/tale hos barnet.
- Søk hjelp. Det kan vere vanskeleg å vurdere aleine kva som trengst av oppfølging og ikkje.
- Etabler eit tillitsforhold til foreldra.
- Finn dei rette og motiverte folka til vere tett på. Finn dei som har den rette driven og innstillinga. Det var avgjerande for oss.
- Legg vekt på tett samarbeid og å få til felles mål. Korleis kan ein spela på kvarandre sine eigenskapar og kompetanse?
- Avklar roller – kven gjer kva?
- Sørg for kontinuitet. Trygge vaksne utan for mykje endring er det beste.
Låg etter
Mor Ragnhild Fanuelsen og far Lars Kristian Salvesen opplevde allereie da Live var seks månader gammal at noko var annleis enn med dei to andre barna deira. Live låg heile vegen litt etter i utviklinga. Ein svært oppfølgande helsesjukepleiar var til stor hjelp. PPT blei etter kvart kopla på og blei ei viktig støtte for foreldra.
– Det å kunne ha ein fagperson som vi kunne undre oss saman med, var unikt. Terskelen var låg og samtalene mange. Nå har Live tatt igjen det meste av motorisk forseinking. Nå handlar det om språket, forklarer foreldra.

Vel å ikkje bekymre oss
– Vi prøver å ikkje ta sorgene på forskot. Vi vel ei praktisk tilnærming og prøver å være rasjonelle. Heime snakkar ho mykje og heile tida. Det viser at ho har språk- og kommunikasjonsglede, forklarer foreldra.
Dei er svært nøgde med hjelpa dei mottek og synest det er rørande at eit stort lag er opptatt av barnet deira. No er dei spende på overgangen til skolen.
– Ho er kognitivt klar, og vi trur dette skal gå bra. Likevel ligg bekymringa på lur, sier foreldra.
Her er råda foreldra gir til andre foreldre og barnehagar:
- Ha det mest mogleg normalt heime – skap kvardagsfølelse
- Ikkje ta sorgene på forskot – ta vare på dei gode opplevingane
- Våg å undre deg og fortel om uroa du har
- Våg å vere open og be om hjelp
- Aksepter å leve i «reisa» – vis tolmod
- Ver førebudd på å stå på
- Reguler så det ikkje blir for mykje for barnet. Struktur er viktig.
- Det er til stor hjelp når barnehage og fagfolk er tilgjengelege og ein kan dele bekymringar.
- Hjelp oss å sortere
- Fortel kvifor de gjer det de gjer
- Ta initiativ og sørg for kontinuitet
PPT blei kobla på tidleg og etter bekymring om forseinka utvikling. PP-rådgjevar Mette Henden begynte å jobbe breitt. Etter kvart kom mykje kom plass, men det var framleis ei stor utfordring med ekspressive språkvanskar og stamming. Etter å ha prøvd ut ulike tiltak valde dei å søke om tenester hos Statped.
Stod fast
– Vi opplevde at det hadde gått i bølger, og at vi stod litt fast og hadde lite framgang. Vi trong nokon som kom frå utsida og gav oss nye idear. Dermed gjekk vi i gang og fekk skipa eit flott samarbeid om en felles plan. Det var godt å bli støtta på dei tinga vi hadde gjort rett og få satt ting i system, seier PP-rådgjevaren.
Ho skryt av barnehagen som har vore god på å lage vekestruktur. Dei har vore opptatt av leiken og lagt godt til rette med små grupper.

Ulike fasar
PP-rådgjevaren jobbar tett saman med logoped Christine Fenne Nielsen ved Spesialpedagogisk tjeneste i Bærum. Dei har jobba i ulike fasar.
– Etter kvart blei det observert aukande stamming, og den logopediske oppfølginga blei endra frå å ha fokus på fonologiske prosessar til å sette inn tiltak for å avhjelpe taleflytvansken, forklarar logopeden.

– Målet med taleflytarbeidet har vore å minske stamminga med færre repetisjonar, betre flyt og å førebygge sekundæråtferd. Arbeidet med språklydar og uttale har vore retta mot «stopping»-prosessen. Tiltaka har vore lytte- og produksjonsaktivitetar for å adressere mållydane med særleg vekt på f-lyden og s-lyden, forklarer logopeden.
Dette er råda frå logopeden og PPT:
- Sørg for eit stabilt team rundt barnet
- Sørg for høg relasjonell kvalitet i det daglege arbeidet
- Sørg for at barnet blir prioritert når det gjeld rammevilkår i barnehagen
- Sørg for tydeleg ansvars- og rollefordeling
- Sørg for god kommunikasjon mellom alle i «laget» rundt barnet
Ein ting av gongen

– Dei hadde jobba godt, og vi bekrefta det dei gjorde som fungerte. Vi hjalp dei med å rydde i tiltaka, og blei einige om å ha fokus på éin ting av gongen. Det innebar ein periode der dei jobba med stamminga, og deretter ein periode der dei jobba med språklydsvanskane, forklarer rådgjevarane Karoline Hoff og Tone Merethe Kolstad frå Statped.
Når fleire utfordringar med språk og tale oppstår samstundes, kan nokon bli usikre på om det å jobbe med det eine, kan trigge det andre. I dag har vi ei meir nyansert halding til dette og ikkje så redde for dette.
– Når barnet har utfordringar med språket, så kan det føre til at barnet sjølv lar vere å snakke. Like eins at dei andre rundt barnet snakkar mindre. Det vil være med på å forsterke vanskane. Da får ikkje barnet den språktreninga som det treng. Å oppretthalde eller forsterke talegleda blir derfor en viktig del av arbeidet, seier Statped-rådgjevarane.
Gi tid
Dei forklarer at i laget rundt Live har dei hatt fokus på å gi tid. Dei meiner at det er eit stjerneeksempel, og at laget rundt Live har vore særskilt gode på å vente på tur, ha eit roleg taletempo, organisere i små grupper og bekrefte. Dei har vore gode på alt som handlar om kommunikasjon.
No har heile laget fokus på overgangen til skolen. Statped-rådgjevarane trur at om Live får like god oppfølging som i barnehagen, er det eit godt grunnlag for videre god utvikling. Vanskane vil vere med over, men det er avgjerande at skolen gjer ein grundig jobb.
Karolines tips om stamming:
- Anerkjenn stamminga: Om du ser at barnet strever, anerkjenn det ved til dømes å seie «det var litt vanskeleg for deg å seie» eller «der satt du litt fast»
- Vær open! Det skader ikkje å snakke om stamming på ein barnevennleg måte
- Tid: Gi barnet tid til å prate, og vis at du lyttar
- Speil barnet: Legg gjerne dine eigne ytringar på tilsvarande nivå som barnet si snakking, slik at barnet møter eit passeleg språkleg nivå
- Ingen har perfekt snakking: Legg gjerne inn talebrot i eiga snakking for å vise andre døme på ikkje-flytande tale
Tones tips om språklydsvanskar:
- Sørg for avklaringar. Er det berre uttale barnet strever med? Det er ikkje uvanleg at språklydsvanskar hos eit barn kan vere ein del av ei utviklingsmessig språkforstyrring (DLD). Då må du vurdere barnet sin språkfunksjon i vidare forstand. Dette gjeld både produksjon, forståing og bruk. Dersom det er andre i familien med språkvanskar er dette særskilt viktig.
- Kartlegg barnet sitt språklydssystem. Det er viktig å avdekke kva slags type språklydsvanske det er. Dette er heilt avgjerande for val av tiltak. Det vil for eksempel vere ulik tilnærming til barn som har utfordringar knytt til artikulasjon enn hos eit barn med ein fonologisk vanske. Oralmotoriske øvingar har ikkje effekt på språklydsvanskar – verken artikulasjon eller fonologiske vanskar.
- Bruk tid. Nokon gonger opplever laget rundt barnet at det er sakte framgang i barnet sin språkutvikling. Dette trass at det er satt i gang ulike tiltak. Då kan det vere lurt å søke støtte for å få vurdert om tiltaka er rette eller kanskje få stadfesta at dei har gjort det som er mogleg.