Kva er best for barnet? | www.statped.no

God skolestart med nedsett høyrsel

Kva er best for barnet?

Barnet sitt beste og retten til å bli høyrd

Barn veit ofte godt kva som er bra for dei, og kva dei vil – sjølv i svært ung alder. Barnehagar og skolar har ulike rutinar før skolestart. Som ein del av rutinane blir viktig informasjon gitt etter samtykke frå foreldre.

Det har vore mindre tradisjon for å hente inn og legge vekt på informasjon frå barnet sjølv. Sjølv om skole er ein ny og kanskje ukjend arena for barnet, veit barnet noko om kva det liker og ikkje liker, og kva som fungerer for seg.

Case

Andrea har vorte fem år. Ho gler seg mest, men gruer seg også litt til skolestart.

Andrea trivst godt med venene sine i barnehagen. Nokre av dei skal ho begynne på skolen i lag med, men dei fleste skal starte på ein annan skole.

I barnehagen ordnar dei vaksne med høyreapparata hennar, utan at Andrea treng å tenke på det. Ho veit også kven ho kan spørje, om ho ikkje får med seg alt det dei andre seier. Barna veit at Andrea har høyreapparat, men det er det ingen som bryr seg med eller snakkar om.

Andrea tenker av og til på korleis det skal bli på skolen. Veit læraren at Andrea bruker høyreapparat? Kjem ho til å høyre kva læraren seier? Ho er mest redd for om nokon kjem til å erte ho. Andrea håpar at ho får sitje saman med nokon som ho kjenner godt.

Barnekonvensjonen (PDF på regjeringen.no) stadfestar at alle barn, uavhengig av alder, har rett til å få stemma si høyrd, og at dei som arbeider med barnet, alltid skal vurdere til beste for barnet.

Artikkel 3 og 12 stadfestar barn sin rett til å bli høyrde, og at ei vurdering av barnet sitt beste er ein menneskerett for barn og ungdom.

  • Voksne skal gjere det som er best for barn.
  • Alle barn har rett til å seie meininga si, og meiningane skal bli tatt på alvor.

Det er viktig å få informasjon frå foreldre og barnehage om kva som fungerer best for barnet. I vurderinga av kva som er barnet sitt beste, vil også stemma til barnet vere sentral. 

Tips for å legge til rette for gode samtalar

Nokre barn har lett for å prate og seie meininga si, medan andre er meir tilbakehaldne. Her er tips til verktøy som foreldre og andre kan bruke i barnesamtalar:

  • Tenk enkelt.
  • Ver kreativ.
  • Finn og tilpass eigne metodar og verktøy som passar for kvart einskild barn.
  • Barn skal bli høyrde – uansett kommunikasjonsutfordringar. Bruk den kommunikasjonsforma er best for barnet.
  • Hugs å legge til rette for gode lytteforhold i samtalar med barn som har nedsett høyrsel. Sjå eksempel på tilrettelegging av betre lydmiljøet i denne filmen.
  • Lag påstandar, gjerne med biletstøtte/symbol med skolestart som tema, og som er tilpassa kvart einskild barn. Barnet kan til dømes rangere påstandane med emojiis, som tommel opp, ned og midt imellom, eller ved hjelp av ulike ansiktsuttrykk/kjensler: 😊🙁😐 👍 👎👈 
  • ​Sjå eksempel på støttemateriell i samtale med barn: Sånn vil jeg ha det (PDF)

Side 3 av 8

Tenk på dette

Foreldre, barnehage og skole har allereie etablert samarbeid og diskutert spørsmål som barnet går og tenker på, utan at barnet sjølv er involvert. Er det slik hos dokker? ​

Korleis lytte til barnet?

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!