God skolestart med nedsett høyrsel
Lovverk
I overgangen mellom barnehage og skole har barn med nedsett høyrsel rettar som det er nødvendig for foreldre og resten av laget rundt barnet å vere kjende med. Ikkje alle lovar, reglar og rettar er aktuelle for alle. Her har vi laga ei oversikt som kan vere til hjelp for å orientere seg i lovverket.
Nokre rettar gjeld særskilt for elevar som har nedsett høyrsel.
Opplæringslova
Opplæringslova handlar om rettar og plikter som er knytt til opplæring og skolegang i Noreg. Kapitla i opplæringslova har paragrafar som omhandlar tema og gir føringar som har betyding for elevar med nedsett høyrsel i overgangen mellom barnehage og skole.
Kapittel 1: Formål, verkeområde og tilpassa opplæring m.m.
Kapittel 2. Grunnskolen (skolestart, fritak og språkval)
- § 2-1. Rett og plikt til grunnskoleopplæring
- § 2-6. Teiknspråkopplæring i grunnskolen
- § 2-7. Kvensk- eller finskopplæring for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn
- § 2-8. Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar
- § 2-16. Opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Kapittel 6. Samisk opplæring
Kapittel 8. Organisering av undervisninga
Kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø
- § 9 A-2. Retten til eit trygt og godt skolemiljø
- § 9 A-3. Nulltoleranse og førebyggjande arbeid
- § 9 A-4. Aktivitetsplikt for å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø
- § 9 A-5. Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev
- § 9 A-6. Fylkesmannen si handheving av aktivitetsplikta i enkeltsaker
- § 9 A-7. Det fysiske miljøet
Side 6 av 8