Planlegging og samarbeid | www.statped.no

God skolestart med nedsett høyrsel

Planlegging og samarbeid

Overgangar kan vere sårbare. Ein kan oppleve å vere usikker og utrygg i møte med noko nytt og ukjend. For barn med funksjonsnedsettingar kan overgangar vere ekstra sårbare. Med samarbeid, planlegging og førebuing kan overgangen opplevast tryggare.

God tilrettelegging kan vere avgjerande for at barnet får ein positiv start på skolelivet alt frå første skoledag.

Det kan vere lurt at kommunen sin opplæringsansvarlige startar planlegging ca. to år før skolestart. PPT bør være aktivt med i heile overgangsprosessen saman med den aktuelle skolen sin administrasjon. 

Sjå tidsplan for korleis overgangsprosessen kan sjå ut

Kapittel 5.1 i rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Barnehagen skal, i samarbeid med skolen, legge til rette for barns overgang fra barnehage til første klasse og
eventuelt skolefritidsordning.
Dette skal skje i nært samarbeid med barnets hjem. Planer for barns overgang fra barnehage til skole må være nedfelt
i barnehagens årsplan (Kunnskapsdepartementet 2006: 53).

Start tidleg

Det er ein rekke faktorar som kan påverke om eit barn får eit tilfredsstillande opplæringstilbod. Ulike tiltak må planleggast og vurderast i god tid før skolestart. Nokre tiltak kan det ta tid å få på plass, medan andre tilretteleggingar og måtar å organisere opplæringa på kan vurderast undervegs.

  • Kva for eit klasserom skal eleven ha?
  • Kvar på skolen ligg det?
  • Skal det leggast lydabsorberende plater i himling og betre lysforhold i romma som barnet skal vere i? 
  • Har personalet på skolen erfaring og kompetanse om høyrselsproblematikk, eller treng dei kompetanse? 
  • Korleis vil det vere best å organisere gruppesamansettinga? 

Ein god overgangsprosess skal sikre barnet sitt behov for tryggleik og bidra til at eleven får eit tilfredsstillande opplæringstilbod frå første skoledag.

Barnehage-heim-skole-samarbeid

Eit godt samarbeid mellom barnehage, heim og skole er av stor betydning for å legge til rette for barnet si meistring, læring og utvikling. Foreldre er viktige formidlarar av barnet sine erfaringar, førsesetnadar og tankar.

Samarbeidet med heimen vil vere viktig, mellom anna for saman

  • å kome fram til tiltak som skapar tryggleik og struktur for barnet, da foreldra har nøkkelinformasjon om barnet sine føresetnadar og behov
  • å gi barnet tryggleik ved å vise at foreldra og barnehagen/skolen snakkar saman, og at alle ønsker det beste for barnet
  • å gi foreldra moglegheit til å førebu barna på det som skal skje på skolen eller i barnehagen

Samarbeid mellom heim og skole

Skolen har det overordna ansvaret for å ta initiativet til å tilrettelegge for samarbeid. Dette inneber å sørge for at foreldre får nødvendig informasjon, og for at dei får mogleheit til å påverke barna sin skolekvardag. 
 

Side 4 av 8

Tenk på dette

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!