Til hovedinnhold

Om e-læringskurset

Slik sikrar du overgangen frå barnehage til skole.

Å starte på skolen er ei stor hendig i livet. Da må laget rundt barn med nedsett høysel legge til rette for ein god og trygg overgang få barnehage til skole.

Foreldre er viktige for å trygge og motivere barnet sitt i overgangen. Det er derfor avgjerande at de som er foreldre, har oversikt og er trygge i overgangssituasjonen, slik at de kan vere ei støtte for barnet.

Tilrettelegging i form av tekniske, fysiske og pedagogiske tiltak er nødvendige for å sikre barn med nedsett høyrsel eit likeverdig opplæringstilbod med alle andre barn. Det er viktig at tiltak blir ført vidare når dei går frå barnehage til skole.

Dette e-læringskurset er laga for at de som er foreldre til barn med nedsett høyrsel, skal få oversikt over kva som kan vere viktig å tenke på og vite noko om når barnet dykkar skal frå barnehage til skole. Alle aktørar som er i laget rundt barnet, kan bruke denne ressursen som utgangspunkt for å planlegge og sikre arbeid med ein god overgang frå barnehage til skule.