God skolestart med nedsett høyrsel
Innleiing
Å starte på skolen er ei stor hending i livet. Eit nytt kapittel skal opnast. Det er viktig å legge til rette for ein trygg og god overgang frå barnehage til skole. Nokre gonger krevst det at dei vaksne rundt barnet førebur denne overgangen ekstra godt.
Barn med nedsett høyrsel er like ulike som alle andre barn. Ulike føresetnader krev ulik tilrettelegging for å sikre eit godt opplæringstilbod frå første skoledag. Nokre av tilretteleggingane som er viktige for barn med nedsett høyrsel, kan det ta tid å få på plass. Derfor er det nødvendig å starte planlegging i god tid før skolestart.
Case
Andrea er 4 år og går i Fjelltoppen barnehage. Ho har nedsett høyrsel og bruker høyreapparat på begge øyra.
I barnehagen til Andrea har dei sett i verk fleire tiltak for at barnehagemiljøet skal vere godt tilrettelagt for ho. Mange av tiltaka har fungert godt, og Andrea er ein aktiv deltakar i fellesskapen. Ho trivst godt i barnehagen.
I den siste tida har mor til Andrea tenkt mykje på korleis det skal bli for Andrea å starte på skolen.
Mor har snakka med avdelingsleiar i barnehagen om tankane sine, men ho kjenner seg ikkje trygg på at tiltaka som har fungert i barnehagen, vil bli vidareført på skolen.
Kven kan ho vende seg til for å få hjelp til å trygge og sikre Andrea sin overgang frå barnehagen til skolen?
Foreldre er viktige for å trygge og motivere barn i overgangen. Det er derfor viktig at de som er foreldre, har oversikt og er trygge i overgangssituasjonen, slik at de kan vere ei støtte for barnet.
Tilrettelegging i form av tekniske, fysiske og pedagogiske tiltak er nødvendige for å sikre barn med høyrselsutfordringar eit opplæringstilbod som er likeverdig med alle andre barn. Tiltak som har fungert i barnehagen, bør bli ført vidare når barnet går frå barnehage til skole. Og skolen må vurdere behov for nye tiltak og tilretteleggingar.
Denne e-læringa er laga for at de som er foreldre til eit barn med nedsett høyrsel, og andre i laget rundt barnet, skal få innspel til kva som er lurt å tenke på og gjere for å sikre ein god skolestart. Kanskje har de spørsmål eller noko de lurer på, slik som mor til Andrea. E-læringa viser til sider der de kan lese meir om ulike moment. Gjennom e-læringa kjem det refleksjonsspørsmål som de kan grunne på eller ta opp med andre undervegs i prosessen.
Lykke til!
Side 2 av 8
Tenk på dette
Kva er det viktigaste for barnet ditt når det skal frå barnehage til skole?
Kva er det viktigaste for deg i denne overgongen?
Kven er støttespelarane dykkar?