Mange ulike aktørar har ei oppgåve å gjere når elevar med syns- eller hørselsvanskar begynner på vidaregåande opplæring. Aktørane er både kommunale, fylkeskommunale og statlege.
Statped og Hordaland fylkeskommune har difor utforma oversikter over kven som gjer kva, til kva for ei tid, når ein elev søker og startar på vidaregåande opplæring.
Tenestekart
Tenestekartet viser oppgåver og roller til dei ulike instansane når ein hørselshemma elev søker og startar på vidaregåande opplæring.
Rutineskjema
Rutineskjemaet gir oversikt over rutinar, ansvar og fristar i innsøkinga og tilrettelegginga for hørselshemma elevar.
Oversikt over saksgang
Det tredje verktøyet er ei oversikt over saksgangen når elevar søker vidaregåande skule eller plass i lærebedrift. Det seier noko om søknadsfristar, vedtak om skuleplass, hørselstekniske hjelpemiddel, overføringsmøte og tilrettelegging, samt skulestart. Oversikta er ei hugseliste for brukarane, slik at dei sjølve kan halde oversikt over dei ulike stega i prosessen.