Til hovedinnhold

God start på ungdomsskulen med erfaringar frå barneskulen

Gode erfaringar og systematisk innsats gjer at Marley Maria (12) lærer og trivst på barneskulen. No skal erfaringane sikre overgangen til ungdomsskulen.
Portrett Marley Maria med Tone Aarum til venstre

I den vesle bygda Sunndalsøra blir vi møtte med eit stort smil. Den livsglade jenta i den motoriserte rullestolen er raus med det. Marley Maria er oppteken av dei same tinga som ungdommar flest. Ho chattar med folk rundt seg, er glad i musikk og elskar å vere med i koret. Og skulen. Det å vere sjuk er litt krise, for då får ho ikkje vore på skulen.

Men trivsel og lærelyst kjem ikkje av seg sjølv. Kva skal til for å komme dit? Svaret er like lett som det er vanskeleg; å skape trivsel og tryggleik som grunnlag for læring.

Sande skule og den lokale PP-tenesta har sett æra si i at jenta med CP og store hjelpebehov skal ha det best mogleg. Og Statped har støtta sidan Marley Maria gjekk i barnehagen med fokus på synsvanskane ho har. Men kva er nøkkelen til å få det til og komme i gode spor? Og kva med overgangen til ungdomsskulen? Vi har snakka med laget rundt Marley Maria.

For mor Monica Sterri Jerahuni er det eit enkelt svar på kvifor ting har fungert.
Og far, Paulo Cesar Nuñes, er samd.
– Dei har vore flinke til å finne ut kor ho lærer best, og kva som motiverer henne.
Monica Sterri Jerahuni og Paulo Cesar Nuñesmoren og faren til Marley Maria

– Det er mange som strekkjer seg veldig langt for at ho skal kunne vere med på det same som dei andre. Som til dømes skuletur og skidagar. Hjelpemidla er også viktige for at ho kan delta, seier foreldra. 

Avhengig av laget rundt

Begge foreldra gir uttrykk for at dei ikkje veit korleis det skulle gått om ikkje kommunen hadde stilt opp då dei fekk ei jente som var 100 % pleietrengande.

– I starten tok vi for mykje ansvar. Det gjekk ikkje. Vi har vore djupt nede. Når det blir tøft å vere foreldre, har det vore godt å vite at laget som er rundt, støttar og kan vere stabile, forklarer mor. Men dei har lært seg å vere moglegheitsorienterte, og Marley Maria overraskar stadig med det gode minnet sitt og kva ho faktisk får til.

Kultur for å møte med omsorg og varme

Overgangen mellom barnehage og skule byrja tidleg og var ein viktig faktor for at skulen raskt kom i gode spor.

Portrett Britt Brusethaug
– Vi hadde noko erfaring med barn med store utfordringar frå før, men alt det tekniske, med rullestolar, utstyr og fysisk tilrettelegging, var nytt, forklarer inspektør Britt Brusethaug ved Sande skule.

Dei hadde personalet tidleg på plass, og det var frå starten av viktig at ho skulle vere ein del av klassen. Marley Maria er sosial og liker å ha både barn og vaksne rundt seg. Kva har så vore dei viktigaste faktorane for at dette har komme i så gode spor og går framover?

– Det handlar om å skape kultur for å møte elevar som Marley Maria med omsorg og varme. Det gir grunnlag for tryggleik. Ingen lærer om dei ikkje har det bra. Det å bli godt kjent med henne er heilt fundamentalt. Forstå kven ho er og skjønne behovet hennar. Vi må alltid stille oss spørsmålet: Kvar er ho i dag? Deretter handlar det om å lære seg å bruke det ho er oppteken av. Sånne enkle, men likevel vanskelege ting, forklarer Britt.

Lagspel

Kontaktlærar for klassen og spesialpedagog med ansvar for Marley Maria, Tone Aaram, er oppteken av at det er eit lagspel. Ein spesialpedagog på skulen kan ikkje køyre løpet åleine. Det å sparre, snakke saman og ha ein låg terskel for å ta kontakt er heilt avgjerande. Ho er også oppteken av den rolla Statped har spelt frå starten av.

– Det er ein tryggleik for oss å få desse råda og denne rettleiinga. Vi kan ikkje forvente at PPT har denne spisskompetansen. Statped treng ikkje nødvendigvis å vere her mykje, men det at terskelen er låg, og at vi kan ringje og få stadfesting på at det vi gjer, er rett eller gale, har stor verdi. Også det at Statped har vore inne sidan barnehagen og kjenner saka, skaper eit godt fundament, seier Aaram.

Marley Maria får i dag et tilbod om éin-til-éin-oppfølging i basisfaga. Elles er ho med klassen så ofte det lèt seg gjere. Det å skape arenaer for samhandling er viktig.

Det å ha ein elev med store funksjonsvanskar har lært dei at ting tek tid. Flyttingar og bruk av hjelpemiddel tek mykje av dagen. Dette må ein ta høgd for når ein planlegg.

Kontinuitet

Jorunn Walsø Aalmo portrett
Jorunn Walsø Aalmo i den lokale PP-tenesta peiker på kor viktig det er med kontinuitet.

Det er særleg viktig ved overgangar. Ho er også oppteken av betydninga av at Statped har vore med heile vegen. Kombinasjonen av CP og synsvanskar er ikkje noko dei er borti kvar dag, og då treng dei støtte utanfrå.

– Vi har lært mykje av Statped, og vi syg til oss alt som dei kjem med. Vi har auka kompetansen og lært mykje av dette samarbeidet. Er det noko vi treng hjelp til, så er det berre å ta ein telefon eller sende ein e-post, så får vi raske tilbakemeldingar. Vi er ei lita PP-teneste og er heilt avhengig av Statped i sånne kompliserte saker, seier Aalmo. Ho skryter også av jobben skulen har gjort og meiner det er mykje av forklaringa på at ting fungerer så godt. Rolla til PP-tenesta har vore å koordinere og leggje til rette.

Støtte på det komplekse

Mari Skjesol Johansen portrett
Mari Skjesol Johansen er rådgivar i Statped og har vore med i saka sidan barnehagen. Det meiner ho er ein stor styrkje og har bidrege til stabilitet.

– Det er viktig for å forstå det totale utfordringsbiletet. PP-tenesta har vore tydeleg på at dei treng oss når det gjeld Marley Marias synsvanske og spesifikk tilrettelegging. Det er såpass komplekst at ein ikkje kan forvente at kommunen kan handtere dette på eiga hand, forklarer Johansen.

Utfordringane ligg i å forstå at problemet er hjernerelatert. Cerebral synshemming (CVI) er eit omgrep som blir brukt for å beskrive synshemming som kjem av ein skade av i synsbanane og i sentera av hjernen, og er ei av hovudårsakene til synshemming hos barn.

– Det handlar ikkje om å finne rett brille når det er snakk om persepsjonsvanskar.

Utfordringa er at det er store variasjonar i korleis synsvansken viser seg hos den enkelte, og at læringsutfordringane kan endre seg etter dagsform.

Dette kan vere endå vanskelegare å forstå utan spesifikk kompetanse og erfaring.

Når Marley Maria vil ha skjermen nærare, er det ikkje fordi han er uskarp, men det kjem av at då blir skjermbiletet ryddigare og meir fokusert for henne.

Johansen meiner at mykje av årsaka til at dei har lykkast så godt i Sunndalsøra, er at dei har sett seg grundig inn i Marley Marias styrkar og svakheiter.

– Dei har bygd på styrkane hennar heile vegen og hatt hennar beste i fokus. Dei har også hatt eit blikk framover – det er også viktig, seier Johansen.

Spent på overgangen

Planlegginga av overgangen til ungdomsskulen er godt i gang. Marley Maria er på jamlege besøk på ungdomsskulen, har vorte kjent med fleire i det nye laget rundt henne og har fått sitt eige rom.

Marley Maria i rullestolen med  Gerd Anita som bøyer seg ned og snakker med henne
Rådgivar Gerd Anita Rostad ved Sunndal ungdomsskule er opptatt av å lære av det barneskulen har gjort.

– Vi er godt i gang med informasjonsutvekslinga. Vi ønskjer å leggje til rette for at ho kan vere med klassen der det er mogleg. Då må vi sikre at vaksentettleiken er god nok. Rostad er også oppteken av å sikre god kontakt med foreldre og alle som jobbar rundt Marley Maria.

– Vi kjenner eit ansvar for å føre vidare dei gode spora som er lagde, seier rådgivaren.

Overføring av kunnskap og byggje team

Og råda frå barneskulen er klare.

– Det viktigaste no er å få bygd dei menneskelege relasjonane. Deretter må dei lære seg alt utstyr og alle rutinar. Det sosiale blir ein meir og meir kritisk faktor når Marley Maria blir eldre. 

Eksteriørbilde Sunndal ungdomsskule
Friminutta er ein arena der ho må delta, og det må planleggeast korleis ho skal oppleve deltaking, seier spesialpedagog Tone Aaram.

Rådgivar Mari Skjesol Johansen i Statped er samd. Ho har spelt inn at det no er viktig å byggje på dei gode erfaringane frå barneskulen og bli konkrete på kven som skal ha ansvar rundt Marley Maria.

– Dei må byggje eit team. Det må vere dei same som skal overta som no blir involverte i overgangsarbeidet. Det er også viktig å setje seg inn i og forstå det totale utfordringsbiletet, forklarer Johansen.

Spente

Heime er både Marley Maria, mor og far spende på overgangen. Far er optimistisk og trur det skal gå bra. Han meiner det avgjerande er at dei bruker kunnskapen som er opparbeidd over år på barneskulen. Mor er samd og ønskjer at Marley Maria skal få ta del i det dei andre gjer, så langt som råd.

Synstolka versjon av videoen