Til hovedinnhold

Laginnsats når språk- og talevanskane blir samansette

Ikkje alle barn i barnehagen utviklar språk og tale på same vis. Når vanskane blir komplekse og samansette, kan kompetanse og laginnsats vere avgjerande.

I Jarenga barnehage i Bærum er det leik med leire. Engasjementet er stort, og midt i sit Live (6) og deltek som ein av dei andre. Men kommunikasjon og leik kan bli krevjande for eit barn som har forstyrringar knytt til språklydar i kombinasjon med omfattande stamming.

Kvar for seg er dette vanskar som kan være utfordrande nok i seg sjølv, men i kombinasjon oppstår nye utfordringar. Då er det godt å ha Caroline Holthe Aakre i nærleiken. Ho trer støttande til som Live sin tolk når det oppstår kommunikasjonsutfordringar. Samstundes som ho ikkje må grip for mykje inn i leiken.

– Live har svært utydeleg tale. Det gjer at mange ikkje forstår kva ho seier. Då er eg i nærleiken og bidreg til at leiken ikkje stoppar opp, seier Caroline Holthe Aakre.

Eg er på mange måtar hennar «ASK» (alternativ supplerande kommunikasjon). Det er ein vanskeleg balansegang – ho må heller ikkje bli for avhengig av meg, forklarer Caroline Holthe Aakre, som er utdanna ergoterapeut.

Bilde av Live med assistent Caroline

Bevare språkgleda

Å bevare språkgleda har vore det heilt sentrale. Gjennom eit program over ti veker har dei jobba med å gjere stamminga ufarleg. Tidlegare har dei jobba med språklydsvanskane hennar. Då har dei fokusert på å skilje mellom språklydar.

Live er ei veldig glad og nøgd jente som trivst i barnehagen. Ho er ivrig når vi skal trene og kjem gjerne og spør om dei skal jobbe.

– Utviklinga har vore litt fram og tilbake. På nokre område har ho framgang, mens på andre område er det ikkje så lett å sjå. Vi legg no inn ekstra innsats mot skolestart og håpar det skal gje resultat, seier Caroline Holthe Aakre.

Og i arbeidet har dei vore heilt avhengige av støtte frå eit stor lag rundt. Både PPT, kommunal logoped og Statped er ein del av laget. Styrar i Jarenga barnehage, Mari Jensen (til høgre på bildet), meiner dette trygger dei i det daglege arbeidet.

– Rolla vår er å vere tett på og gjennomføre. Tett samarbeid med høgt kompetente fagfolk er avgjerande for å treffe med tiltak. Statped har vore ei nyttig støtte. I samarbeid med PPT og lokal logoped har det vore utforma eit opplegg vi følger. Vi kan kontakta desse når vi lurer på noko. På same måte er eit tett samarbeid med foreldra også heilt avgjerande, forklarar barnehagestyraren.

Planlegg overgang til skolen

No er dei spente på overgangen til skolen og har allereie tatt initiativ til samarbeid. Det blir nye lærarar og mykje nytt. Live står overfor ein sårbar overgang. Då er det avgjerande å planlegge godt.

– Det er viktig at skolen får overført kunnskap og ikkje minst alle dei erfaringane vi har gjort. Nå må ikkje ting stoppe opp. Forståing for vanskane er eit stikkord. Vi planlegg skolebesøk jamnleg utover våren, seier Jensen.

Her er råda frå barnehagen:

Låg etter

Mor Ragnhild Fanuelsen og far Lars Kristian Salvesen opplevde allereie da Live var seks månader gammal at noko var annleis enn med dei to andre barna deira. Live låg heile vegen litt etter i utviklinga. Ein svært oppfølgande helsesjukepleiar var til stor hjelp. PPT blei etter kvart kopla på og blei ei viktig støtte for foreldra.

– Det å kunne ha ein fagperson som vi kunne undre oss saman med, var unikt. Terskelen var låg og samtalene mange. Nå har Live tatt igjen det meste av motorisk forseinking. Nå handlar det om språket. Vi opplever at kapasiteten hennar er «éin ting om gangen». Ho stoppar opp og undrar seg, forklarer foreldra.

Far Lars Kristian Salvesen og mor Ragnhild Fanuelsen opplever at stabiliteten i barnehagen og støtta frå et stort lag rundt har vore heilt avgjerande. Utan denne er dei usikre på kor Live hadde vore.

Vel å ikkje bekymre oss

– Vi prøver å ikkje ta sorgene på forskot. Vi vel ei praktisk tilnærming og prøver å være rasjonelle. Det kan vere sårt å sjå kor store vanskar ho kan ha med kommunikasjon, men vi må velgje å ikkje bekymre oss. Heime snakkar ho mykje og heile tida. Det viser at ho har språk- og kommunikasjonsglede, forklarer foreldra.

Mor og far med Live hjemme

Dei er svært nøgde med hjelpa dei mottek og synest det er rørande at eit stort lag er opptatt av barnet deira. No er dei spende på overgangen til skolen.

– Ho er kognitivt klar, og vi trur dette skal gå bra. Likevel ligg bekymringa på lur. Korleis vil ho takle store grupper? Vil dei ha tolmod med henne? Vil ho behalde gleda ved å snakke? Kan ho bli utsett for mobbing?

Her er råda foreldra gir til andre foreldre og barnehagar:

PPT blei kobla på tidleg og etter bekymring om forseinka utvikling – ikkje berre når det gjeld språket. PP-rådgjevar Mette Henden begynte å jobbe breitt. Etter kvart kom mykje kom plass, men det var framleis ei stor utfordring med ekspressive språkvanskar og stamming. Etter å ha prøvd ut ulike tiltak valde dei å søke om tenester hos Statped for å få hjelp til å jobbe spesifikt med språklydvanskar og stamminga.

Stod fast

– Vi opplevde at det hadde gått i bølger, og at vi stod litt fast og hadde lite framgang. Vi trong nokon som kom frå utsida og gav oss nye idear. Dermed gjekk vi i gang og fekk skipa eit flott samarbeid om en felles plan. Det var godt å bli støtta på dei tinga vi hadde gjort rett og få satt ting i system, seier PP-rådgjevaren.

Ho skryt av barnehagen som har vore god på å lage vekestruktur. Dei har vore opptatt av leiken og lagt godt til rette med små grupper.

Bilde av PP-rådgjevar, sstyrar og logoped Christine Fenne Nielsen til venstre.

– Den store talegleda som Live har, er svært positiv. Det skal barnehagen ha mykje av æra for − det at ho har glede av å prate trass vanskane. Det er motoren. Stoppar dette, stoppar mykje opp. Dei har også vore gode på balansen i kor mykje støtte dei skal gje ho i kommunikasjonssituasjonar. Caroline Holthe Aakre er kort og godt rett person på rett stad, seier PP-rådgjevaren, som er til høgre i bildet. Styrar i midten og logoped Christine Fenne Nielsen til venstre.

Ulike fasar

PP-rådgjevaren jobbar tett saman med logoped Christine Fenne Nielsen ved Spesialpedagogisk tjeneste i Bærum. Dei har jobba i ulike fasar:

– I første fase var målet å redusere sikling som var eit problem då. Det var viktig at det blei formilda som leik på ein trygg og motiverande måte. I tillegg blei det heile vegen satt søkelys på generell språkstimulering gjennom song/regler og leik med konkretar og bildekort. Læremidlet «Bablarna» blei flittig brukt, forklarer logopeden.

Etter kvart blei det observert aukande stamming, og den logopediske oppfølginga blei endra frå å ha fokus på fonologiske prosessar til å sette inn tiltak for å avhjelpe taleflytvansken. Foreldre og barnehage fekk materiell for å sette i gang tiltak. Lives stamme-mønster var fleire lette repetisjonar av heile ord og stavingar, både i starten og i midten av ytringar, forlengingar av vokalar og unngåande åtferd. Eit av tiltaka har vore såkalla «supertid» i eitt kvarter kvar dag i sju veker. Live stamma mindre under denne treninga.

Det siste året har barnehagen jobba saman med Live både med taleflyt og språklydar, men til kvar sine tider.

– Målet med taleflytarbeidet har vore å minske stamminga med færre repetisjonar, betre flyt og å førebygge sekundæråtferd. Arbeidet med språklydar og uttale har vore retta mot «stopping»-prosessen. Tiltaka har vore lytte- og produksjonsaktivitetar for å adressere mållydane med særleg vekt på f-lyden og s-lyden, forklarer logopeden.

Det har vore ein målbar framgang i «lytteøvingar», men Live treng meir trening for at det skal få konsekvensar for uttalen hennar. Dei justerer aktivitetar etter korleis ho responderer . Logopeden er også oppteken av dei positive sidene; talegleda, at ho deltek i den sosiale fellesskapen, og at dei førebygger sekundæråtferd.

– I overgangen til skolen er det viktig med kontinuerleg evaluering: Kor er vi nå? Kva er det viktig at skolen veit for å kunne tilpasse? Kva har barnet respondert på som kan førast vidare på skolen? Det å gjere heilskaplege vurderingar der ein ser heile barnet, både språkleg og emosjonelt, og med tanke på sjølvbilde, leik, sjølvstende med vidare, seier logopeden.

Dette er råda frå logopeden og PPT:
Rådgjevar Karoline Hoff frå Statped har jobba saman med kollega Tone Merethe Kolstad Kvalø der dei har støtta både når det gjeld taleflytvanskane og språklydsvanskane.

– Dei hadde jobba godt, og vi bekrefta det dei gjorde som fungerte. Vi hjalp dei med å rydde i tiltaka, og blei einige om å ha fokus på éin ting av gongen. Det innebar ein periode der dei jobba med stamminga, og deretter ein periode der dei jobba med språklydsvanskane, forklarer rådgjevarane.

Når fleire utfordringar med språk og tale oppstår samstundes, kan ein bli usikker på om det å jobbe med det eine, kan trigge det andre. Tidlegare var en varsam med å jobbe med både språklydvanskar og stamming når dei oppstod samstundes. Ein var redd dette kunne virke negativt på utviklinga. I dag har vi ei meir nyansert halding til dette.

– Når barnet har utfordringar med språket, så kan det føre til at barnet sjølv lar vere å snakke. Like eins at dei andre rundt barnet lar vere å snakke eller snakkar mindre enn med dei andre barna som snakkar mykje sjølv. Det vil være med på å forsterke vanskane. Da får barnet ikkje den språktreninga som det treng. Å oppretthalde eller forsterke talegleda blir derfor en viktig del av arbeidet, seier Statped-rådgjevarane.

Gi tid

Dei forklarer at i laget rundt Live har dei hatt fokus på å gi tid. Dei meiner at det er eit stjerneeksempel, og at laget rundt Live har vore særskilt gode på å vente på tur, ha eit roleg taletempo, organisere i små grupper og bekrefte. Dei har vore gode på alt som handlar om kommunikasjon.

No har heile laget fokus på overgangen til skolen. Statped-rådgjevarane trur at om Live får like god oppfølging som i barnehagen, er det eit godt grunnlag for videre god utvikling. Vanskane vil vere med over, men det er avgjerande at skolen gjer ein grundig jobb.

– Friminutta og SFO kan vere ei utfordring for desse barna. Det kan også vere tida for å snakke med Live om omgrepet «stamming» og ruste henne til å handtere vansken. Det er samstundes viktig at ho må oppleve å bli sett på som noko meir enn språklydsvanskane og stamminga. Leit etter barnets styrkar og framhev desse, avsluttar dei to rådgjevarane.

Karolines tips om stamming:
Tones tips om språklydsvanskar:

Se video av hvordan laget rundt Live (6) har jobbet:

Synstolket video:

Les mer:

Taleflytvansker - stamming og løpsk tale

Vi har en egen ressurs der du kan lære mer om stamming og løpsk tale. Stamming er å repetere, forlenge og blokkere lyder og småord. Løpsk tale vil si hurtig og utydelig tale. Stamming og løpsk tale gir vansker med flyt i talen.

Språklydsvansker

Vi har egne ressurser der du kan lære mer om språklydvansker. Språklydsvansker innebærer å ha vansker med å uttale ord som forventet ut fra alder og talenorm, noe som kan resultere i en mer eller mindre uforståelig tale. Språklydsvansken kan være barnets primære utfordring, men kan også opptre som del av en større språkvanske.