Bit for bit gjer han framsteg, både i læring og kommunikasjon. Orda er ikkje mange, men dei blir fleire og fleire. Den unge guten gjer framsteg. Sakte går det framover. Det viktigaste for han og dei som er rundt, er å sjå framgang.
Takka vere iherdig og godt samkøyrd innsats frå eit stort lag rundt han, har John Inge eit opplegg på yrkesfagleg studieretning som han stortrivst med. Der får han vere med dei andre i mekaniske fag. Samtidig får han éin-til-éin-oppfølging i dei teoretiske faga. Kommunikasjonstrening står sentralt. Skulen har prøvd ut ulike kommunikasjonshjelpemiddel utan at det har fungert godt, så no jobbar dei iherdig med verbalspråket. Surnadal har lykkast med det mange kommunar strevar med; å få til gode løp i vidaregåande skule for elevar med store, komplekse utfordringar.
– Skulen har vore avgjerande heile vegen. Dei har gitt eit kjempebra tilbod, følgd utviklinga hans og tilpassa og justert. Kombinasjonen av lesetrening, trening og verkstad har vore akkurat det han treng. Alt må lærast på nytt. Alle ord og omgrep har vore der heile tida, men det tek tid å få dei fram. Han har gjort enorme framsteg, forklarer Tove Bævre, mora til John Inge.
Ho peikar også på lagarbeidet som ein suksessfaktor. Det er eit stort apparat med mange folk rundt John Inge. Lærarar, logoped, fysioterapeut, habilitering med fleire. I tillegg opplever ho at Statped er ein viktig støttespelar for skulen.
– Det var godt å snakke med rådgivarane frå Statped. Dei hadde erfaring med akkurat det vi stod i.Tove Bævremor til John Inge
– Eg hugsar at dei fortalde om ein gut som hadde byrja å prate etter ti år. Sånt gir håp. John Inge byrja å prate etter tre og eit halvt år, seier mor.
Alle foreldres mareritt
Då mor og far fekk telefonen som er alle foreldres mareritt, vart det kaos.
– Uvissa var verst. Det å ikkje vite. Rett etter ulykka fekk vi til å kommunisere med han, og vi var litt letta og trudde det var nokre månader med gips og opptrening.
Så endra situasjonen seg. Det gjekk frå gode prognosar til ingen prognose. Etter tre veker i kunstig koma fekk foreldra vite at John Inge hadde fått ein hjerneskade. Då byrja den lange vegen, men han har vorte ein veg tilbake til livet.
Heimen og garden
Når vi spør John Inge om kva som har vore dei viktigaste årsakene til framgangen, kjem enkeltorda kontant; venner – eg – Line (katten) – mamma og pappa. Guten som er yngstemann i ein søskenflokk på tre, gir også ros til søsken, dei tilsette på skulen og heile apparatet rundt han.
Det at han fekk bu heime etter ulykka var svært viktig, forklarer mor.
– Det å vere ein del av og kunne delta i det vanlege og daglege familielivet har vore heilt avgjerande. Det har skapt eit trygt og godt utgangspunkt for å fokusere på andre oppgåver og komme vidare, forklarer ho.
Nærleik til garden og verkstaden til faren har også vore svært viktig for John Inge. Han har vore tett på gardsdrifta frå han var liten, og han var tiltenkt å overta garden. Den draumen er ikkje lagd bort.
– Vi tar det skritt for skritt. Det finst ein vei tilbake. I forrige veke var han oppe på traktoren. Då fekk eg tårer i augo.Magne Sollidfar til John Inge
Saman er dei opptekne av å byggje stein for stein. Så vil tida vise kor langt dei kan komme.
– Det viktigaste er at John Inge får eit godt liv. Å overta garden er trass alt ikkje det viktigaste. Det finst også moglegheiter i teknologi og tilrettelegging, og vi har sett at han stadig bryt nye barrierar, seier faren.
Bruk tid på relasjonar
For rådgivar og spesialpedagog Silje Ranes på Surnadal vidaregåande skule har det viktigaste vore å bidra til ein meiningsfull kvardag. Det gjer at John Inge får medverke, og at han får forståing for sin eigen situasjon og kvifor dei gjer som dei gjer.
– Bruk tid på å bli veldig godt kjent med eleven, rår ho. Eg har brukt tid på å finne ut kva John Inge er interessert i, kva han kan frå før, og kva han opplever som meiningsfullt. Gode relasjonar skaper tryggleik.
Dei har heile vegen vore opptekne av toleransevindauget – kva som er balansen mellom når det blir for passivt, og når det blir for intenst. Dei ser at toleransevindauget har vorte større og større. Han kan halde ut lengre og er meir konsentrert. Merksemd og arbeidsminne har hatt fokus. Språktrening også.
I den mekaniske verkstaden på skulen rullar John Inge inn framfor ein avansert skjærebrennar for stål. Med presisjon programmerer han inn kutta og styrer maskina med stålkontroll.
Lagsiger
Det er norsktime for John Inge. Temaet er tale, lesing og skriving.
Spesialpedagog Silje tek fram eit ordkortspel for å trene på å utvide ordtilfanget. John Inge konsentrer seg nøye, trekkjer ord og plasserer dei rett. Stadig framgang.
Æra for at ting går så bra, og at det stadig er framsteg, deler ho med heile laget rundt John Inge. Ikkje minst foreldra, som er svært viktige.
– Vi er eit godt samkøyrt lag av veldig mange aktørar, rett og slett. Ting heng saman. Når logopeden jobbar med noko, tek vi det opp i undervisninga og jobbar vidare. Det fysioterapeuten jobbar med, tek vi inn i gymtimane. Slik byggjer vi saman, forklarer den engasjerte spesialpedagogen.
Skape kultur for mangfald
Assisterande rektor Kristin Holten er oppteken av mangfaldsperspektivet. – Også på vidaregåande skule er det viktig at alle har eit tilbod. Det berikar heile skulemiljøet at John Inge er her. Vi ønskjer å skape eit verdigrunnlag for ein fellesskapsskule. Då må vi ta på alvor og gjere det vi kan for at John Inge skal oppleve tilhøyrsel, seier ho.
Ho meiner skuleleiing skal vere gode førebilete både i prioriteringar og rammer. Den skal gi støtte i det daglege arbeidet – både å anerkjenne framstega, men også å backe når det går i motbakke.
Holten meiner årsaka til dei gode resultata kjem av både laginnsats og enkeltpersonar.
– Samarbeidet har gått veldig knirkefritt, der alle har funne sin rolle og plass. Vi har vore opptekne av å vere i forkant og å informere og involvere John Inge og foreldre heile vegen. Tverrfagleg jobbing – det å sjå skule og livet elles i samanheng – har vore sentralt. Det som går føre seg på fritida, har noko å seie for skulen – og motsett.
Stå-på-haldning frå alle
Anita Stavik i den lokale PP-tenesta meiner også at eit godt lagarbeid har prega saka. Rolla til PP-tenesta har vore å leggje til rette for eit godt opplæringstilbod.
– Vi har lite erfaring med erverva hjerneskade i kombinasjon med ASK. Derfor trong vi støtte frå Statped i denne saka. Det har vore svært nyttig, og vi har auka kompetansen vår, fortel ho.
Stavik vektlegg særleg det felles arbeidsseminaret dei starta med i regi av Statped. Det skapte ei felles plattform å byggje vidare på.
– John Inges stå-på-haldning er sjølvsagt den viktigaste enkeltfaktoren til at vi har lykkast. Men vi har hatt eit sterkt lag med eit stort engasjement, godt samarbeid og målretta arbeid, seier Stavik.
Statped inn med spisskompetanse og tverrfaglegheit
Rådgivarane Anne Ekerbakke og Lisbeth Rognes i Statped kom inn i saka for to år sidan.
Det var etter ein søknad frå PPT om kompetanseheving i heile nettverket rundt John Inge. Fokuset var at han skulle starte på vidaregåande skule, og dei tok initiativ til eit felles arbeidsseminar. Det gav eit solid felles grunnlag. Sidan har dei følgt og vore tilgjengelege for dei som har det daglege ansvaret.
– Vi opplever at kommunane treng støtte når elevar får alvorlege hovudskadar. Vi kjem inn med spesifikk kompetanse på pedagogisk tilrettelegging som eit ledd i rehabiliteringa. Skal vi få til resultat, er ein viktig del av jobben vår å få laget som skal hjelpe, til å spele saman, seier dei to erfarne rådgivarane.
Dei kjem frå ei tverrfagleg avdeling som jobbar med erverva hjerneskade med kompetanse både på spesialpedagogikk, nevropsykologi, ergoterapi og logopedi.
Det er viktig å møte kommunen tverrfagleg og tverretatleg.
Ved behov har dei samarbeidd med dei andre fagavdelingane i Statped.
Dei er opptekne av eit utvida rehabiliteringsomgrep der skule inngår. For barn og ungdom er skulen ein av dei viktigaste rehabiliteringsarenaene. Etter ein erverva hjerneskade er det viktig å ta utgangspunkt i ferdigheiter som er intakte, og byggje vidare på dei. Relæring og ny innlæring må jobbast med over tid.
– Vi ser at det er viktig å rettleie laget rundt barnet/ungdommen i denne prosessen. Kognitiv rehabilitering og pedagogiske tiltak i skulen må endrast i takt med den utviklinga som skjer. Evna hjernane har til endring og læring har eit potensial kontinuerleg gjennom livet, seier rådgivarane.
Stein for stein
På ein gard i vakre Surnadal går ein far og ein son og småpratar. Slik fedrar og odelssøner gjer. Om dyra, om såing og om planar. Dei veit begge at vegen har vore lang – og at han framleis er lang.
Synstolka versjon av videoen
Lær mer om ervervet hjerneskade
Her kan du lese mer om ervervet hjerneskade