Til hovedinnhold

Når læremiddel blir avgjerande

For mange elevar er tilrettelagte læremiddel heilt avgjerande for å kunne lære. Statped utviklar mellom anna læremiddel til teiknspråklege. For Sverre (13) er dei heilt naudsynte for at han skal kunne lære og bruke førstespråket sitt.

I eit klasserom på ein liten skule i Nedre Vats i Rogaland er det undervisning i teiknspråk. Sverre har nedsett høyrsel og er den einaste eleven på skulen som har norsk teiknspråk som morsmål. Då blir tilgang til teiknspråkmateriell heilt avgjerande.

– Læremiddel på teiknspråk gjer at eg lærer betre og får oppgåver på førstespråket mitt, forklarer den unge guten.

Teiknspråklærere og elev viser opp læremidler de bruker på Ipad og pc

Sverre er heldig og har ein utdanna teiknspråklærar. Gro Anette Vestre synest det kan vere krevjande å vere aleine med kompetansen sin, og ho er avhengig av støtte både i form av læremiddel og dialog med teiknspråklege miljø.

To gonger i veka er det undervisning i teiknspråk for Sverre. I tillegg får han tilbod om fjernundervisning og deltidsundervisning frå Nattland skule i Bergen, som har eit teiknspråkleg miljø.

Heilt avgjerande i små kommunar

Bilde av skilt til Vats skule og skulen i bakgrunnen

– Læremiddel i og på teiknspråk er kjempeviktig. Vi er mange som er aleine ute i kommunane. Då er det heilt avgjerande at vi har tilgang til desse læremidla. Lærarrettleiingar er også gull verdt. Vi må bygge opp kompetanse bit for bit sidan vi ikkje er ein del av eit teiknspråkleg miljø. Kompetansen vår vil alltid vere lågare. Eit godt utval av læremiddel er ei særskild støtte. Vi ønsker å gje desse borna dei same moglegheitene som andre. Då er læremidla ekstra viktige, seier teiknspråklæraren.

Dei brukar mykje av videomateriellet som Statped har laga. «Tegnstart» og «Solsystemet» og «Tegnmyggen» er eksempel på dette. Dei brukar også spel og samanliknar gjerne fagbøker i norsk skriftspråk med det som finst på norsk teiknspråk. Dei lagar også ein god del materiell sjølve.

– Materiellet er kjempegodt, men vi får aldri nok og skulle ønske oss enda meir. Gjerne materiell som vi kan bruke temauavhengig oger fleksibelt i fleire fag, forklarer teiknspråklæraren.

– For oss ute i kommunane ville det vore svært krevjande om vi ikkje hadde hatt tilgang til dette teiknspråkmateriellet.
Gro Anette Vestre Teiknspråklærar

Nyttig for fleire

Ho er også kontaktlærar i klassen. Difor brukar ho teiknspråk i alle timar. Dette kan vere nyttig for fleire. Klasserommet er lagd til rette der alle brukar mikrofon, og det er gjort støydempande tiltak.

– Då vi skulle gjennomgå solsystemet, var Statpeds teiknspråkmateriell fint å kunne bruke for alle. Vi legg vekt på å gjere det vanleg og ikkje til noko spesielt, forklarer læraren.

Her er råd frå teiknspråklæraren til andre lærarar:

Heilt avgjerande for oss

På Huseby skule i Trondheim spelar også læremiddel til teiknspråklege ei viktig rolle i opplæringa. Skulen med over 500 elevar har mellom anna eit teiknspråkleg grunnskoletilbod for 1.−10. trinn.

Det er norsktime for elever på 8.−9. trinn som har eit teiknspråkleg grunnskuletilbod. Temaet er å vere døv i ei høyrande verd. Engasjementet er stort.

Lærar og teiknspråklærar Charlotte Agerup tar utgangspunkt i Statpeds læremiddel «Til ungdommen», som baserer seg på Linn Skaabers bok om det å vere ung.

– Materiellet frå Statped er grunnleggjande for oss og kanskje noko av det viktigaste vi har. Elevane er heilt avhengige av å ha tilgang til læremiddel på sitt eige morsmål. Det er så verdifullt, det som finst, men det er likevel for lite om ein samanliknar med kva andre elevar har tilgang til av læremiddel på morsmålet sitt, forklarer læraren.

Bilde fra undervisningssituasjon med tegnspråklærere og tre elever

Dei brukar også materiell frå Døves Media og Supervisuell og meiner at dette materiellet supplerer kvarandre fint.

Stor interesse blant høyrande elevar

I eit anna klasserom på Huseby skule er det undervisning i teiknspråk som framandspråk. Ti høyrande ungdomsskulelevar er djupt konsentrerte i å lære seg grunnleggjande teiknspråk.

Interessa for teiknspråk som framandspråk har auka kraftig, og det er no 30 elevar ved skulen som ønsker å lære seg dette. Vilde R. Sagøy og Marli Gjærvran Vagnildhaug er to av desse.

– For oss er teiknspråklege læremiddel ein naturleg del av denne undervisninga. Vi prøver å variere og brukar læremiddelet til inspirasjon og ekstra øving. Materiellet kan aldri erstatte praktisk språkopplæring, men det fungerer fint som eit supplement, forklarer teiknspråklærar Kjetil Hestnes ved Huseby skule i Trondheim.

Han brukar teiknspråkmateriell både når han underviser elevar som har det som førstespråk, og elevar som har vald det som framandspråk. Tilnærminga er ulik, men materiellet er fleksibelt og kan passe begge grupper.

Tegnspråklærere peker. Tavle med materiell i bakgrunnen

– Læremidla passar godt til mange ulike emne og nivå, og vi brukar det for å repetere og øve. Godt materiell kjenneteiknast av at det fungerer utan teknisk trøbbel, at det er gode språkmodellar og høg kvalitet på teiknspråket. Det må også vere ulike vanskenivå sånn at elevar på ulike nivå kan bli utfordra. Det må også vere oppdatert med aktuelle tema, seier Kjetil Hestnes.

Her er råda frå teiknspråklæraren til andre lærarar:

Det er hos Statped på Heimdal og på Hovseter at læringsressursane på teiknspråk blir utvikla. Gudrun Haave er illustratør. Det er ein lang prosess frå idé til ferdig læremiddel.

Utvikling av læremiddel og pedagogisk materiell er eitt av tre hovudmål for Statped. Oppdraget er todelt. Det eine er å utvikle læremiddel for teiknspråklege elevar, forankra i læreplanane. Det andre er å legge til rette og produsere kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar og eksamensoppgåver på norsk teiknspråk.

Når Statped utviklar eit læremiddel, bygger det på kompetansemåla i læreplanverket og innspel frå lærarar. Det kan starte med ein idé som utviklast med innhald og design. Læremidla er både digitale og fysiske og av og til i kombinasjon. Men det kan og utviklas læremiddel med utgangspunkt i allereie eksisterande ressursar eller teiknspråkleg tilrettelegging av skriftlege tekstar.

Statped legg til rette til dømes temasendingar frå Elevkanalen på teiknspråk. . Sjølv om teiknspråk eignar seg godt til visuelle og digitale format, så lagar Statped også fysiske læremiddel, for eksempel til barnehage.

Bilde av avdelingsleder Mette Eid Løvås

– Vi er opptatt av at læremiddelet kan brukast fleksibelt. Det at det er visuelt, gjer det også eigna som ei støtte for høyrande elevar. Dei kan eksempelvis brukast i klassen til elevar som har teiknspråk som førstespråk, forklarer avdelingsleiar Mette Eid Løvås.

Her er tips til læremiddel:

Når læremiddelet blir utvikla, vektlegg dei å jobbe tverrfagleg frå starten av. Grafikar, videoprodusent og teknikar er med når ein startar opp eit utviklingsarbeid. Thomas Margido Johannesen er teiknspråkleg formidlar og Petter Schanke Olsen er videoteknikkar.

Bilde av Thomas Margido Johannesen er teiknspråktolk og Dag J. Lindeberg er videoteknikar.

Arbeidet går i fasar: Utvikling av tekstar, opptak, illustrasjonar, redigering, programmering og publisering.

– Målet er at læremiddelet er godt tilpassa og nyttig for teiknspråklege elevar, enten dei går på ein døveskule eller ordinær skule. Vi skal nå alle, seier Løvås.

Det er også eit mål at eleven sjølv skal kunne finne læremiddelet og ha påverknad på læresituasjonen sin. Avdelingsleiaren opplever at etterspurnaden er stor, og at Statped gjerne skulle ha produsert enda mykje meir.

Tone Ervik jobbar mellom anna med å utvikle appar for opplæring i og på teiknspråk.

– Sett opp mot det som er tilgjengeleg for høyrande elevar, maktar vi å produsere lite. Men vi prøver å utnytte ressursane vi har, på ein god måte. Det er viktig for oss å bruke lærarar som står i klasserommet, aktivt i utviklingsarbeidet. Dette er ein viktig kvalitetssikring for at vi treff med det vi lagar, seier avdelingsleiaren.

Møt personane i reportasjen her:

(teiknspåktolka versjon)

Video om korleis Statped utviklar læremiddel til teiknspråklege:

Finn læremidler hos Statped

Statped har samlet oversikt over aktuelle læringsressurser. Her kan du søke og filtrere for å finne ulike ressurser for tilrettelegging av utvikling og læring for barn, unge og voksne med særskilte opplæringsbehov.

Vil du vite mer om tegnspråk?

Statped har egne temasider om tegnspråk. Tegnspråk er et genuint språk som kan brukes i alle sammenhenger og i alle deler av samfunnet. Statped gir tilbud rettet mot barn som får tegnspråkopplæring, og deres familier og lærere.

Les flere historier om bruk av tegnspråk

For Emma (9) er det å snakke med hender og mimikk å bruke morsmålet sitt. Hun behersker norsk talespråk godt, men norsk tegnspråk er hennes språk.