Statpeds offentlege postjournal/postliste (einnsyn.no)
Kva publiserer vi?
På eInnsyn.no publiserer Statped oversyn over inn- og utgåande brev og e-postar i administrative saker. Av omsyn til personvern publiserer vi ikkje saker og dokument om brukarane våre (barn og elevar).
Når publiserer vi?
Vi legg ut journal frå ein kalenderdato tre dagar i etterkant. Det vi til dømes sender ut eller tek imot på ein mandag, kan du sjå og søke i torsdagen etter.
Kva kan du bestille innsyn i?
I eInnsyn kan du enkelt bestille innsyn i dokument. Trykk på knappen "Bestill" til høgre for kvart dokument i journalen. Statped vurderer alle krav om innsyn og om vi skal publisere sjølve dokumentet i eInnsyn etter at vi har innvilga eit innsynskrav.
Kva er eInnsyn?
eInnsyn er ei felles publiseringsteneste for open forvalting i det offentlege og innsyn i saker frå stat, kommune og fylkeskommune.
Feil i eInnsyn
I Statped sin postjournal i eInnsyn finn du nokre stader knappen "Vis dokument (PDF)". Om du klikkar på knappen, får du meldinga "Klarte ikke å sjekke filstatus hos ekstern virksomhet". Dette skuldast ein feil i eInnsyn-løysinga som Statped har meld vidare til eInnsyn. Statped har ikkje publisert dokument der knappen visast. Vi vonar at problemet snart er løyst.