Bruke videoanalyse

For å bli ein god samtalepartnar for barn som nyttar ASK, er bruk av videoanalyse eit sentralt verktøy. Det skapar forståing og innblikk i det som skjer. Du vil oppdage kva du bør gjere meir av, og om det er noko av det du gjer, som du bør endre på.

Fakta og tilgjengelighet

Kategori: Barnehage, Veiledere, Erfaringsfilmer, Instruksjonsfilmer, E-læring, Nynorsk, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

Bruk av videoanalyse må lærast – og du vert betre med øving. Skal du bruke video systematisk for å betre praksis, må det brukast over tid.

Her skal du lære: 

  • å bruke video systematisk og målretta for å betre eigen praksis
  • å ta opptak
  • å analysere opptaka
  • å velje ut kva som skal endrast i det vidare arbeidet

For å få god innsikt i kommunikasjon og samspel er bruk av videoanalyse ei fantastisk arbeidsform. Ein kan stoppe, fryse bilete, spole tilbake og fange opp detaljar. Ser vi godt etter, vil vi alltid oppdage noko nytt: noko positivt som barnet viser, tydelege og tilpassa innspel frå den vaksne, initiativ frå barnet som vi bør følgje opp, og så bortetter. Tempo, timing og respons kjem tydeleg fram.

Best resultat får vi om der er eit team (tre til seks personar) rundt barnet som nyttar denne arbeidsforma. Dersom dette ikkje er mogleg, er alternativet å vere to for å hjelpe kvarandre i arbeidet.

Hugs at det krev løyve å gjere videoopptak, og at der er reglar for oppbevaring.

Vi deler arbeidet med videoklipp inn i tre fasar:

Fase 1: Planlegg kva du vil filme og kvifor. Ta opptak, sjå gjennom og vel ut klipp. Bestem på førehand kva du vil fokusere på, og kva teamet skal sjå etter.

Fase 2: Vis klippa til andre. Få fram kva plan du hadde, og vurder saman korleis det gjekk. Ofte blei det ikkje slik du hadde tenkt. Det gjer ikkje noko. Leit etter fleire positive handlingar ved å sjå korte avsnitt fleire gongar.

Fase 3: Ofte er drivkrafta for å gjere noko annleis at der er noko vi vil sjå meir av, eller at vi vil gi støtte for å få fram samspel på eit litt høgare utviklingsnivå (den næraste utviklingssona). Still spørsmåla:

  • Er det noko vi kunne gjort annleis?
  • Kva ville skjedd om vi … ?

Tenk høgt, og få fram positive forslag. Leik med tanken om kva som kunne skjedd, og drøft kva som skal til for å få ein best mogleg situasjon. Konkluder og noter ned på skjema som det er lenke til her, kva som skal endrast til neste gong.

Her kjem ein film med eksempel frå 1. og 2. fase i det å bruke videoanalyse. Sjå filmen som førebuing til at du sjølv skal gå i gang med eigne opptak. Filmen viser korleis du kan få dette til, og det er fritt fram for å sjå han fleire gonger.

 

Bruk av videoanalyse er mellom anna eit handtverk, og for å lære det, MÅ arbeidsoppgåvene gjerast. Arbeidsoppgåvene tar tid å gjennomføre, så å lære bruk av videoanalyse må gå over fleire læringsøkter. I den første arbeidsoppgåva som du kan klikke deg inn på under, skal du jobbe med å velje ut ein situasjon, filme han og deretter analysere kva du ser.

Arbeidsoppgåve 1

Du skal no få sjå ein film med bruk av videoanalyse i alle tre fasane. Også denne filmen er ei førebuing til arbeidsoppgåve som skal gjerast.

Så er det å prøve igjen sjølv. Denne gongen skal de prøve alle fasane. Oppgåva finn du ved å klikke på lenka under. 

Arbeidsoppgåve 2 

Rollefordeling ved arbeid i team (tre til seks personar):

Person 1: Møteleiar. Sørgjer for framdrift, stiller relevante spørsmål, summerer opp på kvart trinn, passar på at alle kjem til orde, og at forslag og tankar er positivt formulert. Konkluderer, passar på at skjema er fylt ut.

Person 2: «Hovudpersonen»: Den vaksne som er i fokus på filmen. Han/ho har sett gjennom og valt ut klipp, viser det fram, stoppar opptaket og fortel om kva som var tanken med opptaket. Han/ho er altså den som først skal sleppe til.

Person 3–6: Er medhjelparar i alle fasar: Ser etter positive ting, spør, kjem med konstruktive forslag vidare.

Rollefordeling ved arbeid i par:

Person 1: Er aktiv med spørsmål og konstruktive forslag. Oppsummerer, passar på at konklusjonane er tydelege.

Person 2: «Hovudpersonen». Har same rolle som i team.

No er de i gang med å bruke video. Då er det viktig å halde fram med jamne mellomrom. Det er lurt å bruke video litt ofte i starten, til ein er vant til arbeidsforma. Bytt på rollene i teamet.

Nedanfor er ei arbeidsoppgåve der vi på førehand har valt filmklipp. Klippet er frå situasjonen med Johan og Ingunn i film 1. Dette kan de bruke for å få meir øving på videoanalyse. Klikk på lenka til arbeidsoppgåva og prøv. Klikk på lenka. 

Arbeidsoppgåve 3

Video kan spele ein viktig rolle i kompetansebygging på ein arbeidsplass, i eit team eller i eit nettverk.

Det er mogleg å finne rom for denne arbeidsforma i kvardagen. Eit arbeidsmøte omtrent kvar 6. veke, der de har tatt video som fokuserer på kommunikasjon og samspel rundt eit barn, vil for dei fleste vere passeleg. Det gir om lag 6 videoarbeidsmøte rundt barnet på eit år. Ei tidsramme på 60–90 minutt for fase 2–3 med sjølve analyse- og drøftingssituasjonen, vil vere tilstrekkeleg. I tillegg kjem tid til sjølve opptaket og førebuingsarbeidet. Som hjelpemiddel til å strukturere informasjonen, er det utarbeidd eit eige skjema.

Her har de sjansen til å øve meir på å analysere video. Nedanfor er to arbeidsoppgåver med videoklipp. Arbeidsoppgåve 4 viser eit klipp med Martin og Anne-Merete, som de bør sjå på.

Arbeidsoppgåve 4

Her kjem ei arbeidsoppgåve der de skal analysere eit klipp med Vigdis og Sina. Dette gir god øving for seinare å gjere dette systematisk med eigne videoopptak.

Arbeidsoppgåve 5

 

 

Skjema for videoanalyse

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!