Vaksne øver

Det å bli ein god kommunikasjonspartnar må lærast. Det er ikkje slik at dette er noko du kan heilt utan vidare.

Fakta og tilgjengelighet

Kategori: Barnehage, Veiledere, Erfaringsfilmer, Instruksjonsfilmer, E-læring, Nynorsk, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

Alle må øve for å lære noko nytt! Vaksne øver for betre å forstå, tolke og sette ord på det som barnet seier, og for sjølv å kunne uttrykke seg på same måten som barnet.

Her er tema at den vaksne lærer å kommunisere med barnet ved bruk av papirbasert kommunikasjonsmateriell. Det skal litt trening til.

Lærer skriver ABC på tavle

Her skal du lære:

  • å peikesnakke og sette ord på det som vert sagt
  • å nytte eit avgrensa grafisk ordforråd til å seie så mykje som mogleg
  • å bruke augepeikemateriell

Ved bruk av kommunikasjonsmateriell utan stemme må du som er kommunikasjonspartnar, gi stemme til kommunikasjonen. Dette gjeld både når du er modell og uttrykker deg ved hjelp av barnet sitt materiell, og når barnet sjølv seier noko ved å peike på dei grafiske symbola. Du må tolke det barnet seier og så sette ord på det. Dette kan du berre lære ved å øve. Det er lurt å øve i lag med ein annan vaksen. Vaksne kan «tørrtrene» og hjelpe kvarandre. For å kunne kommunisere må du kjenne innhaldet og ordforrådet i kommunikasjonsmateriellet. Du må vite korleis materiellet er bygd opp, og korleis det kan brukast.

No skal du få sjå ein situasjon der Ingunn og Anne Britt saman med Jenny øver på å peikeprate med ei enkel temaplate. Dette er nytt for dei. Til vanleg nyttar dei Norsk med teiknstøtte (NMT) saman med barna. Det er derfor naturleg for dei å kombinere peikepratinga med teikn (NMT).

Ofte utnyttar vi ikkje godt nok dei muligheitene som ligg i ein plansje. For å gjere det, må vi undersøke kva vi kan seie med det ordforrådet vi har. Det er ikkje nødvendigvis slik at det er lettast å snakke med få ord – i vanleg tale har vi jo tilgjengeleg det vi treng til ei kvar tid. Med eit større grafisk ordforråd som ei kommunikasjonsbok med mange sider, er det lettare å få sagt det ein vil, men meir arbeid å lære korleis ein manøvrerer i boka og kunne plasseringa av ordforrådet.

Nærpersonane rundt Isak hjelper kvarandre til å snakke med boka. Her er eit lite glimt frå eit nettverk dei er med i. Då jobbar dei saman ein del, og så deler dei erfaringar med andre team som nyttar liknande kommunikasjonsbøker til deira barn.

No kan du sjølv få prøve deg. Klikk på arbeidsoppgåva nedanfor. 

Gruppe rundt bordArbeidsoppgåve 1

Der finst ulike måtar å peike på. Dei vanlegaste er med handa/fingeren eller med auga. Bruk av augepeiking er noko dei fleste av oss må lære heilt frå grunnen av. Det er uvant for oss, så det må vi øve ekstra på.

For å synleggjere korleis dette kan vere har vi filma eit eksempel på øving som du kan sjå. Vi syner både kva som kan vere uheldig, og korleis det kan gjerast betre når ein får øvd seg litt.

Om du vil lære å bruke augepeiketavler, kan du klikke på arbeidsoppgåva nedanfor.

OppgaveArbeidsoppgåve 2

Nokre barn vil trenge lang tid før dei sjølve tek i bruk grafisk kommunikasjon. I den perioden er det du som er kommunikasjonspartnar, som set ord på det du sjølv vil seie. Men så snart barna sjølv tar initiativ til å seie noko, må du i tillegg vere stemma til barnet. Då bør du bruke dei orda som barnet sjølv ville brukt, for eksempel «Eg vil fortelje noko.» 

Øv deg på å vere stemma til barnet.

Arbeidsoppgåve 3

Øving er ikkje alltid lett. Men det treng slett ikkje vere kjedelig, og bruk av humor er ein god strategi.

Her har Marit fått ei setning ho skal seie til Therese.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!