Gi tilgang til kommunikasjon

Barn med behov for ASK nyttar ulike kommunikasjonsformer. For å kommunisere ved hjelp av ASK må språket vere tilgjengeleg. 

Fakta og tilgjengelighet

Kategori: Barnehage, Veiledere, Erfaringsfilmer, Instruksjonsfilmer, E-læring, Nynorsk, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

Uavhengig av kva type kommunikasjon barn nyttar, er det viktig at materiellet er der når dei vil seie noko. Det må vere ein plan for korleis kommunikasjonsmateriellet blir tatt med der barnet er. Barn må få erfaringar med eit ordforråd utover det dei sjølve brukar. Språket må utvidast, nyanserast og bli brukt på varierte måtar. Samtalepartnarane må derfor vise og bruke eit meir avansert språk enn det barna gjer. Dei må vere i forkant av barnet si utvikling.

Her skal du lære: 

  • at kommunikasjon går føre seg alle stader
  • korleis du kan gjere kommunikasjonsformene tilgjengelege
  • at barn treng eit ordforråd dei kan vekse inn i

Kommunikasjon finn stad på alle utviklingsnivå. Vi nyttar ulike metodar og hjelpemiddel dersom talespråket er fråverande eller mangelfullt. Dette er for eksempel kroppsspråk, handteikn, grafisk ordforråd i kommunikasjonsbok og talemaskin. For at ein skal kunne ta dei rette avgjersler knytt til val, er det viktig å kjenne til kva som finst. Kommunikasjonsformene vi vel, skal fungere kompenserande, erstattande eller støttande for det manglande talespråket. Når vi bestemmer kva som skal nyttast, må vi ta utgangspunkt i barnet sine ressursar og vanskar, og i kva kompetanse som er i nærmiljøet. Det skal danne grunnlaget for kva metode eller hjelpemiddel som er best eigna for å dekke behova til barnet.

Uttrykke ja og nei

Dersom du kan seie «ja» og «nei», opplever kommunikasjonspartnarar deg som ein som er interessert, som forstår, og som kan delta. Til vanleg er «nei» eit av dei første orda som barn nyttar. Før dei seier det verbalt, viser dei oss tydleg både kva dei vil eller ikkje vil, og kva dei likar eller ikkje likar. Utviklingsnivået til barnet vil vere avgjerande for korleis og kva barnet kan svare ja eller nei på. Å legge til rette for at barnet skal kunne akseptere eller avvise, bekrefte eller avkrefte på ein eller annan måte er sentralt både for å gjere det mogleg å delta kommunikativt, og for å kunne påverke omgjevnaden.

Lær meir om NMT her http://www.statped.no/Tema/Larevansker/Publikasjoner/#m

Arbeidsoppgåve 1

Norsk med teiknstøtte (NMT)

Å kunne snakke med hendene er nyttig! Hendene våre har vi alltid med oss. Alle barn med behov for ASK som er i stand til det bør lære nokre formelle teikn, for eksempel: FERDIG, DO, HJELPE. Når vi supplerer talespråket med teikn kallar vi det Norsk med Teiknstøtte (NMT). Vi må ta utgangspunkt i barnet sine føresetnader dersom vi skal velje NMT som primær kommunikasjonsform. For å bli ein funksjonell teiknbrukar må barnet:

  • ha tilstrekkeleg motorikk
  • kunne imitere
  • forstå rom og retning
  • hugse korleis eit teikn ser ut og hente det fram utan verbal eller grafisk støtte
  • kunne uttrykke teiknet presist nok til at det er forståeleg

For at NMT skal bli funksjonelt, krev det at barnet har eit miljø rundt seg som kan teikn. Dei må kunne fleire teikn enn barnet. Miljøet rundt må også kunne forstå barnet sine teikn og vere modell for barnet slik at det utvidar teiknbruken.

Lær meir om NMT her:

Arbeidsoppgåva som no kjem, handlar om NMT.

Arbeidsoppgåve 2

Bruke grafiske symbol

Grafiske symbol kan ein organisere enkeltvis, på ein plansje med fleire symbol eller i ulike typar bøker og på talemaskiner eller nettbrett. I starten er det dei vaksne som brukar symbola for til dømes å:

  • presentere det som skal skje («No skal vi …»)
  • fortelje noko («I går var ….»)
  • kommentere noko («Den var ….!»)

I byrjinga er det ikkje noko krav til barnet om at det skal bruke symbola. Etter kvart skal det lære seg å levere eller peike på symbola på ein eller anna måte (finger, hand, auge eller anna).

Ut frå kjennskap til barnet sitt syn, motorikk og kognisjon må de vurdere mellom anna dette i høve til bruk av grafiske symbol:

  • Kva type symbol skal det vere?
  • Kor store bør symbola vere?
  • Kor mange kan de organisere på ei side?

Bruk av grafiske symbol må ikkje komme i vegen for samspel. Dei vaksne må øve seg i å synleggjere og presentere symbola for barnet slik at det skal bli ein naturleg kommunikasjon.

Bruk-av-grafiske-symbol-i-samspel

Arbeidsoppgåva under handlar om kva grafiske symbol de kan nytte i ulike situasjonar.

Arbeidsoppgåve 3

  

Produksjon av grafisk kommunikasjonsmateriell

Produksjon av grafisk kommunikasjonsmateriell er tidkrevjande, men heilt avgjerande for å kunne legge til rette for ei planlagd språkutvikling. Det er heilt nødvendig å planlegge språkutviklinga til barn med behov for ASK fordi det ikkje på same måte som for normalutvikla barn, «berre skjer». Før ein kan gå i gang med å lage, bør ein ha vore gjennom ein prosess med vurderingar knytt til kva ein treng, og korleis det skal nyttast. Det blir laga mykje bra materiell i barnehagar og skular, og det er mogleg å dele materiell med kvarandre. Det er likevel fortsatt stort behov for individuelle løysingar og tilpassingar.

Det finst noko ferdig grafisk materiell som ein kan søkje om å få som kommunikasjonshjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral.

Arbeidsoppgåve 4

 

Ha forventningar til barnet og kva det vil kommunisere

Barn er på ulike måtar gode til å tolke oss og forstå kva vi tenkjer og trur om dei. Som kommunikasjonspartnar er det viktig at du har forventningar og ambisjonar på barnet sine vegne. Dette må signaliserast tydeleg. Barna utviklar seg i ulikt tempo, men utviklinga må ikkje stoppe opp fordi du som vaksen ikkje har tru på det. Det betyr at:

  • Du skal forvente at barnet vil kommunisere.
  • Du må kommunisere med barnet utover «her og no».
  • Du veit ikkje på førehand kva barnet vil seie.
  • Du skal legge til rette for utvikling gjennom å gje barnet ulike erfaringar og opplevingar, og å gje det ein sjanse til å snakke om det før, under og etter opplevinga.

I filmklippet som kjem no, ligg Sina på golvet og skal strekke kroppen. Ho vil fortelje Vigdis noko, så Vigdis hentar fram augepeikeboka slik at Sina får fortalt det ho vil. Legg merke til kor Vigdis plasserer seg for at det skal bli så lett som råd for Sina å snakke. Vigdis er i tillegg svært roleg og tar seg tid til at Sina får sagt det ho vil. Ho både signaliserer og legg til rette for at Sina skal få kommunisere det ho ønskjer.

Organisering

Som kommunikasjonspartner har du ansvar for at kommunikasjonsmateriell/hjelpemiddel er med overalt. Der barnet er, må også det han/ho skal snakke med, vere. Korleis ein skal organisere vil avhenge av ulike ting:

  • Kva type materiell/hjelpemiddel er det er snakk om? Enkeltsymbol må ein organisere på ein annan måte enn ei talemaskin.
  • Kven er barnet? Eit barn som kan gå, treng ei anna organisering enn eit barn i rullestol, og eit barn som kan springe vekk frå deg, krev at du ikkje har for mykje i hendene.
  • Kor mykje kan barnet ta ansvar for sjølv?
  • Kvar skal de vere? Bassenget eller sandkasseleiken har ulike krav til kva de treng, enn ei samlingsstund har
  • Kva slags reserveløysingar er det behov for?

Arbeidsoppgåve 5

Eg vil seie noko

Snakkande barn grip ordet når dei vil. Barn med behov for ASK opplever ofte at andre snakkar for dei, eller at nærpersonar trur at dei veit kva dei tenkjer eller vil. Dei treng å synleggjere at dei vil seie noko, slik at dei får tilgang til kommunikasjonshjelpemiddel eller -materiell når dei treng det. Det må jobbast fram ein «avtale» mellom kommunikasjonspartnarane og barnet om kva signal som skal nyttast. Nokre barn har eit armband dei ser på, og andre lagar ein lyd. Nokre kan ha ein fast plass der dei veit at dei kan hente til dømes permen med grafiske symbol.

Kva barnet kan, og kva utviklingsnivå det har, vil vere styrande for kva ein gjer, og kva metodikk ein nyttar for å lære dei det. Barn på eit tidleg utviklingsnivå må lære dette gjennom mange repetisjonar med den konkrete handlinga. Dei må lære det saman med alle dei vaksne og på dei ulike stadane dei er, for å kunne generalisere handlinga. Andre barn kan du lage avtaler med: «når du rettar opp handa, betyr det at du vil seie noko». Kommunikasjonspartnarane må samarbeide godt, slik at signala som barna nyttar, er kjende for alle partar. Dersom barnet sine initiativ ikkje vert lagt merke til, risikerer vi at barnet vert meir og meir passivt.

Barn med Eg-har-noko-å-seie-armband

Den neste arbeidsoppgåva handlar om korleis barnet ditt tar initiativ til å ville kommunisere.

Arbeidsoppgåve 6

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!