Lære andre barn

Barn med behov for ASK kan, på same måte som alle andre, lære mykje av andre barn. Ein stor del av kommunikasjonen som desse barna har, er med vaksne. For at andre barn skal vere gode kommunikasjonspartnarar, treng dei å lære korleis dei skal gjere det. Dei har behov for å få opplæring, og dei må øve. 

Fakta og tilgjengelighet

Kategori: Barnehage, Veiledere, Erfaringsfilmer, Instruksjonsfilmer, E-læring, Nynorsk, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

Du og dei andre vaksne i barnehagen er ansvarlege for å legge til rette for slik læring. Når barna meistrar å kommunisere saman, legg det grunnlaget for vennskap og felles opplevingar barna imellom.

Her skal du lære:

  • at andre barn er viktige kommunikasjonspartnarar for barn med behov for ASK
  • korleis du kan legge til rette for at barn skal bli gode kommunikasjonspartnarar

 

Jamaldringar er viktige ressursar for kvarandre, til dømes som sosial støtte og tryggleik. Det er forska lite på temaet, men mykje kan tyde på at barn med kommunikasjonsvanskar er meir einsame enn andre. Barn treng å kommunisere med kvarandre for å bli kjende og utvikle vennskap. Filmen har fokus på korleis vi kan lære dei andre barna å forstå og å bruke kommunikasjonsforma til barnet med behov for ASK. Vi kan legge til rette for læring på ulike måtar, til dømes gjennom planlagde aktivitetar, slik som med samlinga med krokodillen, eller gjennom direkte instruksjon, slik som det blir gjort i leiken med nettbrettet.

Vi veit at barn har lettast for å bli motiverte til å kommunisere når det er situasjonar som er morosame og spennande. Dette er viktig å legge vekt på også når vi skal lære dei andre barna å bruke ASK. Læringssituasjonane må vere kjekke og utbytterike for alle. I barnehagealder er det lett å finne felles interesser mellom barna. Ha leik som utgangspunkt når de legg til rette; leiken er den viktigaste kjelda til læring for små barn.

Arbeidsoppgåve 1: Lære andre barn

Arbeidet med å lære dei andre barna å kommunisere med ei eller anna form for ASK er alle sitt ansvar. Barn gjer det dei ser vi vaksne gjer. Alle dei vaksne må derfor kunne kommunisere med barnet si kommunikasjonsform. Her er det Marit som augepeikar.

Arbeidsoppgåve 2: Lære andre barn

Barna må få hjelp av de vaksne til å lære seg å forstå og å bruke. Det krev at dei vaksne er trygge på kommunikasjonsforma, og at dei er opptatt av at begge partar har ei god oppleving. I klippet vi skal sjå no, er det Sina som vil fortelje Thilde noko. Thilde brukar augepeikeboka og får støtte og opplæring av Vigdis. Vigdis hjelper til med å tolke symbola og mimikken til Sina slik at jentene får til å snakke saman.

Det er lettast om ein går frå planlagde og strukturerte situasjonar til naturlege. Det er eit mål at ASK vert ein naturleg del av kommunikasjonsforma i barnehagen. Når den vaksne har kommunikasjonsforma «under huda», kan dei vere trygge lærarar for barna i alle situasjonar. Sjå på klippet av Anne Britt og Ida:

Anne Britt er trygg på korleis ho kan kommunisere, og då blir ho ein god lærar. Ho slepp å fokusere på korleis ho skal kommunisere, men kan ha fokus på samhandlinga med Ida. Vi kan sjå litt av det same i neste klipp:

For å etablere vennskap og oppnå god inkludering for alle må ASK-brukaren kunne kommunisere med dei andre barna og dei vaksne. Det krev opplæring og øving. Til meir de øver, til betre blir de alle saman.

Arbeidsoppgåve 3: Lære andre barn

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!