Vise og bruke

Barn som har behov for ASK, veks som regel opp i talespråklege miljø. For å lære treng dei eit miljø der den kommunikasjonsforma som dei skal nytte, blir brukt saman med dei. 

Fakta og tilgjengelighet

Kategori: Barnehage, Veiledere, Erfaringsfilmer, Instruksjonsfilmer, E-læring, Nynorsk, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

Når barn lærer å snakke, gjer dei det fordi vi snakkar med dei. Når barn lærer å bruke andre kommunikasjonsformer, som å peike på grafiske symbol, gjere teikn med hendene eller anna, gjer dei det fordi vi brukar desse formene for kommunikasjon.  

Her skal du lære at:

  • det er DU som kommunikasjonspartnar som må ta ansvaret for at barnet lærer å bruke kommunikasjonsforma si
  • barnet lærer dette ved at DU viser og brukar kommunikasjonsforma på den måten du ønskjer at barnet skal gjere det

Tenk på korleis vi gjer det med barn som har ei vanleg talespråkleg utvikling. Vi går ofte nær barnet og er veldig retta mot det. Vi søkjer augekontakt og snakkar langsamt og med korte setningar. Ofte seier vi det same fleire gongar. Vi er opptatt av å sjå på ansiktsuttrykket til barnet og imiterer det. Som regel er vi observante på kva barnet er opptatt av og følgjer det opp i samspelet. Vi er sensitive og tålmodige i samhandlinga. Denne kompetansen må vi ta med oss når vi nyttar ASK.

I filmen som du no får sjå, er det ulike eksempel på kommunikasjon med barn som brukar ASK. Filmen viser korleis dei vaksne nyttar ASK for at ASK-brukaren skal lære kommunikasjonsformene.

I filmen har vi sett at det er fokus på

  • språkmiljø
  • ferdigheiter hos dei vaksne
  • korleis leggje til rette for kommunikasjonsutvikling

Her kan du klikke deg inn på ei arbeidsoppgåve.

Arbeidsoppgåve 1: Vise og bruke

På det neste filmklippet er Noah og Anne-Merete i gang med å bygge med klossar. På talemaskina hans er dette oppsettet framme:

Begge er aktive i byggeleiken. Anne-Merete brukar talespråk, Norsk med teiknstøtte og talemaskin når ho kommuniserer med Noah. 

På Noah sitt utviklingsnivå er det viktig at den vaksne brukar ASK for å auke forståinga hans. Legg merke til at han vert nysgjerrig, og at det ikkje er forstyrrande for leiken at talemaskina blir brukt på denne måten. Der er heller ikkje nokre krav til at han skal trykke på skjermen.

Å bygge med klossar er ein av favorittaktivitetane til Noah, og han har nok ein plan om å bygge høgt. Når han ikkje får det til, er det irriterande, og Anne-Merete tolkar og set lyd og ord på frustrasjonane hans.

Noah har her:

  • ein kommunikasjonspartnar som brukar dei uttrykksformene han skal bruke
  • ein kommunikasjonspartnar som kan meir enn han og utvider det han uttrykker
  • kommunikasjon i ein naturleg situasjon

For god kommunikasjon og læring er det viktig å vise og bruke uttrykksformene som skal lærast. I tillegg bør kommunikasjonspartnarane nytte seg av ulike kommunikasjonsfremjande strategiar. Det kan for eksempel vere: 

  • å imitere    
  • å utvide 
  • å bruke humor
  • å vise entusiasme og engasjement
  • variert og levande bruk av kropp og stemme

Sjå også «Grunnleggande samspel».

Den neste arbeidsoppgåva, som du kan klikke deg inn på under, handlar om å sjå på og gjere seg kjend med ulike strategiar som vi som vaksne kan bruke når vi samhandlar med barn som brukar ASK.

Arbeidsoppgåve 2: Vise og bruke

No skal vi sjå ein situasjon der Martin og Marita les bok. Martin likar godt å lese bøker. Boka handlar om dyr, og det er ei repeterande handling som går føre seg. Marita supplerer talen sin med norsk med teiknstøtte (NMT). Ho nyttar litt fleire teikn enn dei som Martin kan, og lar han komme med innspel ved hjelp av dei teikna han kan. Kommunikasjonen til Martin er multimodal, det vil seie at han tar i bruk fleire kommunikative uttrykksformer. Marita oppfattar peiking, mimikk og kroppsspråk  som kommunikasjon.

I filmklippet ser vi at Marita lar Martin kommer til orde på dei måtane han kan, samstundes som ho utvidar det han uttrykker, og set ord på det. Martin får dermed erfaring med ein måte å uttrykke seg på som er på eit høgare utviklingstrinn enn der han er no. Det er likevel ikkje for vanskeleg for han.

I den neste arbeidsoppgåva, som du kan klikke deg inn på under, skal du ta videoklipp av deg sjølv og analysere kva du gjer som kommunikasjonspartnar.

Arbeidsoppgåve 3: Vise og bruke

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!