Grunnleggande samspel

Grunnleggande samspel er fundamentet for kommunikasjon. Kommunikasjon betyr å dele, og det inneber at vi har noko felles. Kunnskapen vår om grunnleggande samspel hentar vi frå utviklinga til dei minste barna. Vi veit at vi frå fødselen av inngår i samspel, og at den nyfødde sitt sanseapparat er innretta for dette. Barn kan ta initiativ, respondere og ta styring i samspel frå dei er født.

Fakta og tilgjengelighet

Kategori: Barnehage, Veiledere, Erfaringsfilmer, Instruksjonsfilmer, E-læring, Nynorsk, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

I denne læringsressursen  er grunnleggande samspel brukt som ein fellesnemnar for fleire område. Du får sjå eksempel på korleis du som vaksen kan observere, lytte, vente og forvente samspel og kommunikasjon frå barnet. Vidare synleggjer vi korleis den vaksne bekreftar det barnet gjer, tolkar det som kommunikasjon og gir meining til det som skjer. Vi seier at barnet sender signal. Signala er her og no og representerer ikkje noko anna enn det dei er, til dømes smil, gråt eller peiking på bamsen.

Førspråkleg kommunikasjon er prega av signal. I godt samspel er den vaksne sensitiv for dei signala som barnet sender, og tolkar dei som kommunikasjon. Dette kallar vi for partnarfortolka kommunikasjon. 

Her skal du lære:

  • korleis du kan observere, vente på og lytte til signala som barnet gir
  • at du skal tolke signal som kommunikasjon
  • at du skal bekrefte barnet på signala det sender
  • korleis du kan legge til rette for felles merksemd

Barn er ulike. Vi vaksne opplever at det kan vere vanskeleg å gå inn i samspel med nokre barn med kommunikasjonsvanskar. Signala dei sender, kan vere få eller sjå annleis ut enn det vi til vanleg ser hos små barn. Dermed må vi vere spesielt merksame på dei signala barnet sender, og korleis vi kan tolke dei som kommunikasjon. Barna treng at vi er tett på, og at vi er bevisste på kva signal vi sender og korleis vi kommuniserer. Video er eit godt hjelpemiddel i arbeidet med å oppdage og forstå både dei vaksne og barnet sine signal.

I førspråklege samspel er det vi som vaksne som tolkar barnet sine signal som kommunikasjon, og som set ord på og reagerer på det dei gjer. Det har betydning for korleis vi svarer på og tar initiativ i samspelet. Dei tidlegaste samspela føregår ansikt til ansikt, der dei to personane er merksame på kvarandre.

I klippet nedanfor ser vi Brage og Linda. Brage er glad i kroppskontakt og i å lage lydar. Linda tilpassar seg Brage ved å vere tett på, og svare på lydane han lagar. Ho ventar på signal frå han og tilpassar tempoet på svara sine til det Brage gjer. Linda er sensitiv for Brage sine signal, og gjennom sine eigne signal søker ho å etablere ei form for turtaking.

Følgje, imitere og respondere er sentrale element i det Linda gjer. Å følgje barnet sine initiativ er ei så viktig arbeidsform i samveret med barn med kommunikasjonsvanskar at vi i denne læringsressursen har det som eit eige tema.

I neste klipp er framleis Linda og Brage i lag i sofaen. Linda går eit steg vidare og fører inn ein variasjon i lydane. Legg merke til at Linda sender tydelege signal på at ho forventar at Brage skal svare. Ho kjem også med nye innspel i tillegg til at ho gir han tid til bidraga sine. Ho endrar lydane og har ein tydeleg mimikk som bekreftar at ho ser at han har hørt at lydane er «nye».

Hovudstrategiane til Linda er å følgje, imitere, respondere og etablere turtaking gjennom:

  • å tilpasse seg kroppsleg
  • å svare på lydar ved å imitere Brage
  • å vente på signal
  • å føre inn ein variasjon og nye innspel i lydar og mimikk

Nedanfor kan du klikke deg inn på ei arbeidsoppgåve som handlar om å analysere eit videoklipp.

Arbeidsoppgåve 1

Dei tidlegaste samspelsleikane er samspel i faste mønster og med turtaking. «Borte–tittei» er ein av dei vanlegaste. Denne inneheld eit fast mønster eller reglar der hovudingrediensen er: innleiande kontakt, forsvinne, kome fram att og reetablere kontakt. Det er mange måtar å variere leiken på. Når leik først er etablert, skapar denne forventning om kva om skal skje. Her er eit klipp med Brage og May-Sissel. Ho introduserer «borte–tittei»-leik for han, og det er ho som er aktiv både med å skjule ansiktet og kome fram att. No er denne leiken ny for Brage, men ved å gjenta leiken over tid, vil Brage få forventningar om kva som skal skje. Då kan dei etter kvart også variere leiken.

Arbeidsoppgåva som du kan klikke deg inn på nedanfor, har tidlege samspelsleikar som tema.

Skrive på oppgavearkArbeidsoppgåve 2 

Frå seks månaders alder vert barn meir interesserte i ting og ikkje så opptekne av ansikt-til-ansikt-samspel som tidlegare. Brage er framleis mest oppteken av ansikt, men May-Sissel legg til rette for at han også skal bli interessert i objekt. Her brukar ho klossar og forsøker å få Brage til å sjå på dei ved å presentere dei i synsfeltet hans for at han deretter kan velte dei ned.

Mot slutten av det første leveåret  kan barnet og den vaksne ha felles merksemd mot noko utanfor dei sjølv. Barnet vil veksle mellom å sjå på objektet og den vaksne. Det inneber at barnet er klar over at begge er merksame på det same. Dette er ein milepæl i utviklinga.

Felles merksemd mot noko utanfor seg sjølv handlar om å dele ei oppleving, ei erfaring, noko ein ser, høyrer eller tar på. Vaksne sine evner til å leie og følgje barnet si merksemd er eit sentralt element i utviklingsfremjande samspel. Med nokre barn er det vanskeleg å etablere felles merksemd. Å finne fram til kjekke og spennande aktivitetar der det er viktig for barnet å dele gleda og opplevinga over det som skjer, kan verke fremjande på felles merksemd. Nedanfor er eit videoklipp av Noah, Tove Anita og Anne-Merete der nettopp dette skjer. 

Felles merksemd er grunnlaget for vidare kommunikasjonsutvikling. Bevisst kommunikasjon handlar om å påverke andre eller å la seg påverke. Då må ein kunne leie merksemda til den andre eller rette eiga merksemd mot det den andre ynskjer å ha merksemd på. Felles merksemd blir etablert ved felles blikk og peiking. Det å kunne følgje andre si peiking er sentralt. Likeeins det å kunne peike sjølv. 

Her kan du klikke deg inn på ei arbeidsoppgåve med videoklipp med fokus på å følgje peiking og leie merksemd.

OppgaveArbeidsoppgåve 3

Før barn kan snakke, har dei ein periode der dei ofte påkallar andre si merksemd ved å vise fram ting dei er opptekne av. I klippet nedanfor har Anne-Britt og Ingunn lagt til rette for at Johan skal vise dei andre ungane noko. Dette er ein planlagt aktivitet frå dei vaksne si side. I samlinga får Johan erfaring med å vise fram til dei andre barna, og han får den hjelpa han treng for at det skal fungere. Målet er at Johan etter kvart skal oppleve at det å vise fram til andre og leie merksemda deira på det han er interessert i, er ein naturleg del av kommunikasjon med andre.

Arbeidsoppgåve 4, som du kan klikke deg inn på nedanfor, handlar om korleis de kan gjere liknande aktivitetar i eigen barnehage.

Skrive på oppgavearkArbeidsoppgåve 4

Å få til godt samspel på eit førspråkleg nivå er grunnlaget for vidare kommunikativ utvikling. Sensitivitet, eit ynskje om å ha noko felles og å vise glede og engasjement er hjørnesteinar i kommunikasjonsfremjande aktivitetar.

Felles merksemd er også eit tema i Bruke videoanalyse

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!