Samtale

I ein samtale kommuniserer to eller fleire personar med kvarandre. Samtalar er viktig for at vi skal forstå kvarandre, og gi uttrykk for kva vi tenker og føler. I samtalar deler vi opplevingar og erfaringar, vi lærer om verda og menneske, og får informasjon.

Fakta og tilgjengelighet

Kategori: Barnehage, Veiledere, Erfaringsfilmer, Instruksjonsfilmer, E-læring, Nynorsk, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

Samtale er ein grunnleggjande aktivitet for språktileigning, læring, og sosial deltaking.

Her skal du lære korleis du kan legge til rette for samtalar med barn som brukar ASK, slik at det blir ein naturleg del av kvardagen.

Du som vaksen samtalepartnar har ansvar for at samtalane over tid beveger seg langs desse utviklingslinjene:

  • Frå her og no – til før og seinare
  • Frå benemning av handling til aktiv samhandling med spørsmål og kommentarar
  • Frå enkel turtaking til mange turar, der utsegnene bygger på kvarandre
  • Frå å samtale rundt barnet sitt fokus, til at begge/alle bidrar med sitt
  • Frå realitet til fantasi og tull og tøys
  • Frå at den vaksne har mest ansvar – til at ansvaret vert meir delt

Vi veit at barn som bruker ASK deltek mindre i samtaler enn andre. Årsakene til det kan vere samansette. Dei må ha eit tilpassa ordforråd for å uttrykke seg, og tid og erfaring med å formulere seg. Det er lettast å få til samtalar med ein godt kjend vaksen. Etter kvart må vi legge til rette for samtaler mellom 2 barn og ein vaksen, og barna seg imellom.

I filmen nedanfor får vi sjå korte samtalar med Johan, Isak, Simone, Martin og Tiril. Legg merke til at dei vaksne er konsentrerte om å forstå og følgje opp det barna er opptekne av.

Kvardagssamtalane i barnehagen oppstår i ulike aktivitetar gjennom dagen. Den vaksne må gripe sjansen når den byr seg, slik at der blir rom for spontane samtalar. For å få det til, må ein vere på utkikk etter situasjonar som vi kan snakke om. I filmen har vi sett at samtalane tek utgangspunkt i det ungane er opptekne av. Ein samtale kan «leve sitt eige liv», og ein kan ikkje på førehand vite korleis han blir. Å ha tilgang til eit ordforråd som gjer det muleg for barnet å delta i samtale, er ei utfordring.

I arbeidsoppgåva som du kan klikke deg inn på nedanfor, skal vi sjå på eit klipp av spelsituasjonen med Martin og dei andre i Bygstad, og kva den vaksne gjer der.

Arbeidsoppgåve 1

Dette må du vere opptatt av: 

  • Å få barna til å vende seg til og bli opptekne av kva andre barn seier. 
  • At du som er vaksen, kan leie barn si merksemd på kvarandre ved hjelp av mellom anna kommentarar, tydeleg kroppsspråk, bruk av blikk og peiking, lydar og direkte oppfordringar.
  • Måten vi stiller spørsmål på. Ofte spør vi for mykje. Nokre gongar kan spørsmål vere på sin plass, men for å fremje samtale er opne spørsmål det beste.

Bruk av ja/nei spørsmål har ein funksjon i samtalen når barnet ikkje har andre måtar å uttrykke seg på. Det kan vere at kommunikasjonshjelpemiddelet ikkje er tilgjengeleg eller har avgrensa ordforråd, eller at den barnet samtalar med er lite kjend med bruken av hjelpemiddelet.

Her er eit eksempel med Sina. Ho er akkurat komen ut og møter ein av dei vaksne. Bruk av ja/nei-spørsmål kan lett nyttast spontant, og Sina svarer sjølvstendig.

I arbeidsoppgåva som du kan klikke deg inn på nedanfor, skal de prøve ut korleis det er å berre kunne svare «ja» eller «nei».

Arbeidsoppgåve 2

For barn som nyttar kommunikasjonshjelpemiddel, går kommunikasjonen seinare enn for andre barn. Dette gjer samtaler krevjande, og ein må setje av tid. Nokre treng ein skjerma stad å vere, og samtale må leggast inn som ein aktivitet i dagen. Dette er nødvendig dersom dei skal få erfaringar med dialog der begge/alle partar har bidrag og blir høyrt.

I filmen nedanfor ser vi ein samtale mellom Sina, Vilde og Vigdis. Vigdis har størst ansvar for samtalen. Ho strukturer og passar på at dei tek tur, og set ord på det som Sina seier. For at Sina skal delta i samtale på denne måten, er ho avhengig av at den vaksne er godt kjend med hennar kommunikasjonsmåtar og kommunikasjonsmiddel.

Legg merke til interessa frå Vilde og Sina når Vigdis fortel! I ein samtale skal vi ikkje berre snakke, men og lytte og interessere oss for dei andre. Ved at Vigdis aktivt bidrar med sitt, blir samtalen meir likeverdig mellom dei tre deltakarane.

Der finst ingen grenser for kva ein kan snakke om. Bruk fantasien! Tøys og tull er moro: Start med noko rart: «I dag såg eg ein mann som var så høg at han var høgare enn barnehagen» - La dei andre hekte seg på.

Ein kan snakke om planlagde tema eller nytte meir spontane innfall. «Det er noko eg tenker på ...», eller «noko eg lurar på …», kan vere eksempel på starten av ein samtale. Etter kvart kan ein spørje kvarandre om ting ein lurer på.

I samtalar vil ein kome fram med sine vurderingar og meiningar. Her er eit eksempel med Oskar og Therese. Det å fortelje frå noko ein har vore med på, er noko alle barn gjer. I dette videoklippet har Therese forventningar til Oskar om at han og skal gjere det.

Her kan du klikke deg inn på ei oppgåve om di eiga rolle som samtalepartnar:

Arbeidsoppgåve 3

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!