Følgje barnet sine initiativ

Ein god strategi for å få til eit kommunikasjonsfremjande samspel, er at du følgjer barnet sine initiativ. For å kunne gjere det, må du vere spesielt merksam på barnet og kva det gjer. Med små barn og barn på eit tidleg utviklingstrinn er det å gjere det same som dei, altså imitere dei, ein tydeleg måte for oss vaksne å vise at vi ser barnet og kva det gjer. Då kjenner dei at det dei gjer, har betydning for oss.

Fakta og tilgjengelighet

Kategori: Barnehage, Veiledere, Erfaringsfilmer, Instruksjonsfilmer, E-læring, Nynorsk, Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

Tidleg innsats er prega av partnartolka kommunikasjon. Vi tolkar barnet sitt kroppsspråk og handlingar som kommunikasjon, og vi set ord på det vi tenker dei føler, og på det dei gjer.

Når barna vert større, får det å følgje initiativa deira andre uttrykksformer. Vi skal ikkje «herme» etter dei, men ved å fange opp det dei gjer og vise at vi er interessert i det, blir barnet i sin tur merksam på oss. Vi lar barnet leie oss og vise oss korleis aktivitet og samspel skal vere. Vi plukkar opp idear dei har, og tilpassar oss dei. Vi er også merksame på korleis barnet har det, set ord på og tonar oss inn der dei er. Vi er glad når dei er det, og syner forståing og gir trøst når dei er lei seg.

Dette temaet heng tett saman med temaet «Grunnleggande samspel», og vi anbefaler at du først går gjennom dette temaet.

Her skal du lære: 

  • å sjå barnet sine initiativ
  • kva du kan gjere for å svare på initiativa
  • korleis du kan utvide og variere samspelet

Filmen nedanfor syner ulike eksempel på korleis vi kan følgje barn sine initiativ. Starten visar grunnleggande samspel med imitasjon. Deretter kjem eksempel på kva den vaksne kan gjere i ulike kommunikasjons- og leikesituasjonar. Felles for dei vaksne i filmen er at dei har eit skjerpa blikk og full merksemd mot barnet og det som barnet gjer, og lar det vere utgangspunkt for det dei sjølv gjer.

Nedanfor kan du klikke deg inn på ei arbeidsoppgåve som handlar om kva du sjølv kan gjere for å følgje barn sine initiativ:

Arbeidsoppgåve 1

Når vi følgjer barn sine initiativ kan vi ikkje ha eit fastlagt program som vi skal gjennomføre. Den vaksne handlar i forlenginga av det barnet gjer, og har med det ein responderande kommunikasjonsstil. Då blir samspelet annleis enn om vi skulle bestemt og instruert barna i noko dei skulle gjere. Samspelet ber preg av improvisasjon. Dette kan vere litt uvant for mange, men med øving vil du få det til! Etter kvart som du har prøvd ut og blitt van med denne samværsforma, vil det dukke opp nye sjansar til variert, meiningsfullt samvære.

I den neste arbeidsoppgåva kan du klikke seg inn og sjå eit videoklipp for å bli bevisst kva den vaksne gjer for å utvide og variere leiken og kommunikasjonen. 

Arbeidsoppgåve 2

Å følgje barnet sine initiativ er ein god strategi i forhold til alle små barn. Alle treng å bli sett og høyrt, og verdsette for det dei gjer. Det barna gjer, gir meining for dei. Dermed er dette ein arbeidsform som ikkje berre skal innrettast mot einskildbarn med kommunikasjonsvanskar, men som bør gjennomsyre samværet i kvardagsaktivitetane i heile barnehagen.

Arbeidsoppgåve 3

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!