Arbeidsoppgåve 1: Følgje barnet sine initiativ
Gå saman i gruppe.
Sjå gjennom den samansette filmen på nettsida. Finn fram ein av situasjonane i filmen som kan vere aktuelt i arbeidet med dykkar barn. Noter tidskoden, og sjå situasjonen om igjen.
Stopp filmen, sjå om igjen fleire gongar, og drøft følgjande:
- Kva ser du i klippet som du kan bruke når du skal følgje initiativet til barnet ditt?
- Korleis kan du gjere det?
- Korleis kan de som personalgruppe få eit skjerpa blikk på å sjå initiativ og følgje dei?
Avtal at de kan støtte kvarandre og minne kvarandre på at de skal nytte denne arbeidsforma. I tillegg skal kvar einskild også setje av ei økt dagleg der vedkomande har tid, rom og utstyr for å følgje barnet spesielt.
Etter 3 veker: Kom saman og evaluer.
- Kva har de gjort?
- Kva har fungert, og kvifor?
- Kva har ikkje fungert, og kvifor det?
- Del gode idear med kvarandre, og planlegg kva de ev må endre på.
Ta gjerne fleire slike 3-vekers periodar.
Side 9 av 45