Arbeidsoppgåve 1: Grunnleggande samspel | www.statped.no

God ASK

Arbeidsoppgåve 1: Grunnleggande samspel

Jobb saman i gruppe.

 Her prøver Anne-Merete ut ein aktivitet med sansestimulering med eit lite massasjeapparat. Dette er ein ny aktivitet for Brage. Anne-Merete legg til rette for at dei skal dele opplevinga, samstundes som ho ikkje på førehand kan vite om dette er noko Brage vil like.

Sjå klippet fleire gongar og stopp undervegs. Finn ut saman korleis Anne-Merete brukar strategiane i lista nedanfor.

  • Korleis ser det ut?
  • Kva er det ho gjer?

Strategiar:

  • Observerer
  • Ventar
  • Plasserer seg og regulerer avstand
  • Speglar – viser det same ansiktsuttrykket som Brage
  • Bruker lyd, stemme og språk
  • Set ord på det ho gjer og trur Brage opplever
Beskriv korleis de sjølv brukar desse strategiane. 

Side 4 av 45

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!