Arbeidsoppgåve 2: Grunnleggande samspel | www.statped.no

God ASK

Arbeidsoppgåve 2: Grunnleggande samspel

Jobb saman i gruppe. 

Dei tidlegaste samspelsleikane er mellom anna «borte–tittei», «kor stor er du», «kom ei lita mus», «no kjem eg og tar deg» og «kileleik». Regler og songar som «bake kake søte», «ride, ride ranke» og «ro, ro, ro din båt» høyrer også med. Dei kan lett tilpassast slik at dei passar for dei fleste barn.

Sett av 5–10 minutt der du som gruppedeltakar tenkjer på ein leik som du vil tilpasse og prøve ut med barnet. Skriv ned korleis du vil gjere det. Del deretter med kvarandre i gruppa, og legg ein plan for gjennomføring av ein eller fleire leikar.

Gjer leikane dagleg. Det er viktig at kvar leik vert gjennomført etter eit fast mønster, slik at de etter kvart byggjer opp ei forventning hos barnet om kva som skal kome.

Kom saman igjen etter tre veker, og drøft korleis det har gått. Drøft eventuelle justeringar, og bestem korleis de vil halde fram med leikane.

Side 5 av 45

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!