Arbeidsoppgåve 1: Samtale | www.statped.no

God ASK

Arbeidsoppgåve 1: Samtale

 

1. Sjå ein gong til og vurder dette: 

  • Kva gjer dette til ein god situasjon? Sjå på organisering, materiale, plassering.
  • Kva kunne Marita gjort for at Martin og Jeanett Amalie skulle vende seg direkte til kvarandre?

Sjå gjerne opptaket fleire gongar, stopp filmen og diskuter saman det de ser!

2. Velg ut ein situasjon med eige barn:

Planlegg korleis ein over ein periode på to veker kan samtale fire–fem gonger om det same temaet, slik at ein etter kvart utvidar langs nokre av desse utviklingslinene: 

  • Frå her og no – til før og seinare.
  • Frå benemning av handling til aktiv samhandling med spørsmål og kommentarar.
  • Frå enkel turtaking til mange turar, der utsegna byggjer på kvarandre.
  • Frå å samtale rundt barnet sitt fokus til at begge bidrar med sitt.
  • Frå realitet til fantasi og tull og tøys.
  • Frå at den vaksne har mest ansvar – til at ansvaret vert meir delt.

Side 13 av 45

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!