Arbeidsoppgåve 2: Samtale | www.statped.no

God ASK

Arbeidsoppgåve 2: Samtale

Gå saman med ein annan. De skal samtale om kva de gjorde i ferien. Du kan ikkje snakke, men berre svare ja eller nei ved å nikke/riste på hovudet. 

Du har ikkje kommunikasjonsmiddel. Den andre kan altså berre stille deg ja/nei-spørsmål for at du skal kunne fortelje kva du har gjort.

  • Korleis gjekk det?
  • Når er det passande å bruke ja/nei spørsmål?
  • Kva er ulempene?

Snakk saman etterpå om korleis det var.

Poenget med oppgåva er å føle på kroppen korleis det er når ein ikkje kan uttrykke seg fritt, men er avhengig av kva den andre spør om. Slik har mange ASK-brukarar det. Å gi tilgang til eit godt ordforråd og varierte måtar å uttrykke seg på er avgjerande for å kunne delta likeverdig i ein samtale.

Bytt gjerne roller, så begge får prøve både korleis det er å svare, og korleis ein kan stille dei beste ja/nei-spørsmåla.

Side 14 av 45

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!