Arbeidsoppgåve 1: Bruke videoanalyse
Tenk ut ein situasjon som du vil ta opptak av. Du skal sjå på kva du sjølv gjer i ein kommunikasjonssituasjon med barnet.
- Bestem kva for situasjon du vil filme, og kvifor.
- Planlegg opptaket.
- Få med både barn og vaksen i biletet. Vis kommunikasjonen.
- Film i maksimum fem minutt.
Det er lettast om ein annan person kan filme. Den som filmar, må vere klar over kva som er viktig å få fram.
Arbeidsgangen vidare vert slik:
- Sjå gjennom filmen. Velg ein eller to korte klipp for analyse.
- Vis videoklippa i teamet til ein kollega. Hugs at dette er ei øving på å vise klipp og forklare kva planen din var.
- Stopp filmen, spol, finn fram og sjå om igjen nokre stader som de vil analysere nærare.
- Få fram synspunkta frå teamet ditt / kollegaen din. Hjelp kvarandre til å finne flest mogleg positive moment som kan byggast vidare på.
- Korleis synest du/de at det gjekk? Noter ned forbetringspunkt / det de må hugse på til neste gong de gjer opptak.
Side 41 av 45