Arbeidsoppgåve 5: Bruke videoanalyse | www.statped.no

God ASK

Arbeidsoppgåve 5: Bruke videoanalyse

De skal no sjå eit klipp der Sina og Vigdis øver seg på å snakke i heile setningar med talemaskina. Dei fortel kva dei ikkje likar. Dei har helde på ei stund. No er det Sina sin tur:

Sjå klippet. Kva finn de av positive element som Vigdis gjer? Bruk skjema.

Sjå klippet om igjen. Drøft: Kva kunne vore gjort annleis etter at Sina har sagt kva ho ikkje likar? Skriv ned på skjema.

Tenk gjennom og diskuter:

  • Kva kunne gjort denne situasjonen til ein betre kommunikasjons- og læringssituasjon?
  • Kva ville skjedd om Vigdis hadde spurt Sina om ho visste kva ein planet var?
  • Kva kunne skjedd om Vigdis hadde spurt Sina om det var det ho ville seie? Eller om det var noko anna?

Side 45 av 45

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!