Arbeidsoppgåve 2: Vaksne øver | www.statped.no

God ASK

Arbeidsoppgåve 2: Vaksne øver

Augepeiketavle:

Skriv ut og lag til augepeiketavla om vatn. Gå saman med ein kollega. Gjer som i filmen – sit rett overfor kvarandre. Den eine skal ikkje snakke, men berre peike med auga. Den andre set ord på det som blir sagt. Hugs å sjå på den som augepeiker gjennom holet i arket. Ha blikkontakt gjennom holet i arket før du seier noko ved å peike med blikket.

Prøv å seie setningane nedanfor. Orda i parentes er ikkje på arket, men den som set ord på, kan seie dei for å lage meir fullstendige utsegner.

  • Eg (er) ferdig.
  • Du likar vatn.
  • Eg (vil) sjå meir.
  • Din tur (å) plaske.

Bytt på rollene. Er det noko anna de kan seie ved hjelp av augepeikearket?

Side 38 av 45

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!