Arbeidsoppgåve 3: Vaksne øver | www.statped.no

God ASK

Arbeidsoppgåve 3: Vaksne øver

Å vere stemma til barnet: 

Sjå denne filmen:

Skriv ut og lag til kommunikasjonsboka. 

Jobb saman i par. Den eine er barnet som treng ASK. Vedkommande skal peike på setningane nedanfor. Den andre set ord på – hugs at du skal vere barnet si stemme! Start alltid på første sida av boka.

Når de har øvd på ferdige setningar, kan «barnet» seie noko som den vaksne ikkje veit på førehand. Ver barnet si stemme på dette. Bytt roller.

Forslag som kan seiast. Orda i parentes er ikkje i boka, men den som snakkar, kan seie dei for å lage meir fullstendige setningar:

1. Eg tullar.

2. Vi kan leike (med) lego.

3. Kan vi leike (med) lego? Eg vil bygge høg(t) tårn. 

4. Eg vil fortelje (om) hund(en) eg likar (å )klappe.

5. Eg tenker på brannbil(en). Den er fin.

6. Eg vil vise noko anna. Eg likar ikkje det. Det er styg(t).

7. Det er svingete veg, og vi køyre(r) fort (til) bondegård(en).

8. Eg treng hjelp. Eg (har) vondt (i) arm(en).

9. Vi ser på fargar. Eg likar raudt (og) gult. 

Med kommunikasjonsboka kan du seie mykje. Prøv å lage fleire setningar! 

Side 39 av 45

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!