Arbeidsoppgåve 3: Gi tilgang til kommunikasjon | www.statped.no

God ASK

Arbeidsoppgåve 3: Gi tilgang til kommunikasjon

Drøft i gruppe. Velg ein av desse situasjonane:

  • Leik i sandkassa
  • Male
  • Vannleik på badet

Tenk på kva ord som vil vere nyttige i situasjonen, både for kommunikasjonspartnarane og for barnet/barna. Lag ei liste.

Sjå på lista, og sett ring rundt alle dei orda som de også kan nytte i ein heilt annan situasjon, til dømes i garderoben.

I kva andre situasjonar er dei utheva orda aktuelle?

Beskrivande ord, ord som er situasjonsuavhengige, og ord som kan brukast mykje og på tvers av ulike språklege funksjonar, kallar vi «kjernevokabular». Kjernevokabular er eit ordforråd som gir deg og barnet sjansen til å delta uavhengig av aktiviteten. Det bør alltid vere tilgjengeleg.

I denne oppgåva vil til dømes ordet «SKITTEN» vere aktuelt både i sandkassa, i maleaktiviteten og i garderoben.

Side 31 av 45

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!