Arbeidsoppgåve 3: Vise og bruke | www.statped.no

God ASK

Arbeidsoppgåve 3: Vise og bruke

Ta eit videoklipp av deg sjølv i kommunikasjon med barnet ditt. Klippet kan vere på tre til fem minutt. Sjå gjennom klippet. Sjå deretter ein gong til og fokuser på dette:

  • Kommuniserer du på eit høgare nivå enn barnet? Viss ikkje, korleis vil du legge til rette for å få det til?
  • Utvidar du det barnet seier? Dersom barnet peikar på eit symbol eller viser eit teikn, lagar du då ei lengre setning / koplar saman to eller tre ord? Dette tilsvarar det vi gjer når eit lite barn seier «ball», og vi følger opp ved å seie: «Det er ein raud ball!».
  • Reflekter over kva type spørsmål du nyttar i kommunikasjonen med barnet. Vi nyttar ofte mykje spørsmål i samhandlinga med barn. Vi bør vere spesielt merksame på om spørsmåla er opne eller lukka. Vi vil helst ha opne spørsmål som fører samtalen vidare.

Sjå gjennom klippet ein tredje gong, og reflekter over kva du kan bli betre på. Skriv ned tre moment du vil jobbe med og korleis du vil gjere det.

Side 23 av 45

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!