Øvingsprogram (dysartri) | www.statped.no

Sareptas afasikrukke

Øvingsprogram (dysartri)

Trening for kropp

  • Klappe takt med hendene
  • Telle samtidig som ein trampar takta
  • Krysse armane og pendle med armane
  • Snu hovudet fra venstre mot høgre medan ein ser motsatt veg

Trening for å oppnå god kroppsleg kommunikasjon

1. Haldning

  • Sitt i stolen med rak rygg. Bli lang i ryggen utan å bikke hovudet opp/ned. Sit med lukka munn. Kjenn etter at det er ei normalt pen sittestilling.
  • Snu hovudet vekselsvis mot høgre og venstre.Gjer det også som om ein seier nei.
  • Legg haka mot brystet og bøy deretter hovudet bakover. Sei det likefort som når du skal seie ja.
  • Sjå fram i augehøgde, utan at du stirra på eit punkt heile tida. Beveg augene på ein naturleg måte.
  • Rull med hovudet. NB! Forsiktige, rolige og ikkje for store rørsler.

2. Ansiktsmuskulatur

  • Lag trutmunn (tenkt o-lyd) og land munn (tenk i-lyd). Ikkje sei noko, berre mim.
  • Smil med heile ansiktet. NB! Få med smilerynkene rundt augene.
  • Gni deg i ansiktet som om du vaskar deg. Lag masse grimasjar etterpå.
  • Rynk med panna, rynk med nasa.
  • Blås opp kinna.
  • Kjenn på ansiktet sine musklar når du biter saman tennene.

3. Auga

  • Knip augene saman og opne dei maksimalt vekselsvis. Gjer det mange gongar. Auk takta.
  • Hald hovudet i to og la augene gå frå side til side som ei gamaldags "ugleklokke".
  • Sjå i taket og golvet utan å bevege hodet, gjer dette lenge og rytmisk.
  • Lukk vekselsvis høgre/venstre auge.
  • Sjå på ulike gjenstandar i romet ved å snu på kroppen/hovudet og bruk auga på ein naturleg måte.
  • Finn ut kva du gjer med augene når du sitter og lytter eller når du seier noko.

4. Kjeven

  • Bit saman og hald bittet. Kjenn kor du har tunga, og kor den berørar munnhola eller tenna. Kjenn om trykket er like strt på alle tenner, om spyttet samler seg et sted, om leppene er spente, (Leppene skal vere minst mogleg stramme), om du er over eller underbitt. Slepp kjeven ned og før den opp igjen i "samme spor". Gap opp og bit saman fleire gongar. Pass på at kjeven ikkje vert ført framover.
  • Tenk deg at du tygger på eit stort seigt kjøttstykke. Kjenn korleis kjeven og tennene arbeidar saman.

5. Leppa

  • lag trutmunn
  • si i-o med smile og trutmunn
  • Smil med heile ansiktet, også augene skal vere med.

6. Tunga

  • Slik deg rundt leppene i roterande rørsle
  • Vipp tungespissen opp mot nesa og nd mot haka
  • Legg tunga heilt i ro på underleppa.
  • Geip
  • Press tunge mot munntaket vekselsvis mot høgre og venstre kinn, fortennene, mot bløt gane
  • Sei S-lyd så lenge du kan.

7. Pusten

  • Sitt med hendene på magen og registrer at magen går ut og inn i takt med inn- og utpust.
  • Sei ein f-lyd så sterkt du kan. Magen skal då gå langsomt innover. Pust inn og kjenn at magen går utover,blir stor.'(Mange gjer dette omvendt, her skal du puste inn gjennom munnen)
  • Sei f-lyden støtvis og kjenn at du regulerer dette med magemusklane. Pust inn gjennom munnen.
  • Pust roleg ut og inn ved å få stor mage og bli "smal om livet" vekselsvis. Tell gjerne inn i deg til 10 på innpust og utpust.

8. Trening på hurtig og presis artikulasjon

Leppelydar

  • Si pa-pa-pa- osv med alle vokalane
  • Ba-ba-ba- osv med alle vokalane

Leppe/tannlyd

  • Si fa-fa-fa-fa- osv med alle vokalane
  • Va-va-va-va- osv med alle vokalane

Tungespisstrening

  • Ta-ta-ta-ta-,To-to-to-to,Te-te-te-te, osv med alle vokalane
  • Ra-ra-ra-ra-ra osv med alle vokalane
  • Ls-la-la-la-la osv med alle vokalane
  • Na-na-na-na-na osv med alle vokalane
  • Sa-sa-sa-sa-sa- osv med alle vokalane

Baktungen

  • Ka-ka-ka-ka osv med alle vokalane
  • G-ga-ga osv med alle vokalane
  • Ra-ra-ra-ra- osv med alle vokalane

Trening på skifte av artikulasjonsstad

  • Tra-tra-tra- osv med alle vokalane
  • Kra-kra-kra- osv med alle vokalane
  • Skra-skra-skra- osv med alle vokalane
  • Pra-pra-pra- osv med alle vokalane
  • Stra-stra-stra- osv med alle vokalane
  • Kla-kla-kla- osv med alle vokalane
  • Pla-pla-pla- osv med alle vokalane

Har tatt mykje av dette frå kommunikasjonstrening med mennesker med Parkinsons sykdom, logopedisk klinikk Haukeland.

Side 25 av 45

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!