Til hovedinnhold

Chromebook med skjermlesar

Hefte om korleis bruka Chromebook med skjermlesaren ChromeVox.

Skjermdump forside hefte
  1. Kategori: Syn, Bøker/hefter
  2. Språk: Nynorsk
  3. Format: PDF
  4. Utgiver: Statped 2021
  5. Forfatter: Tor Ulland

Dette heftet er skrive for å visa korleis ein person som bruka skjermlesar og leselist kan bruka Chromebook med skjermlesaren ChromeVox.

Det er ofte blitt sagt at Chromebook er heilt ueigna for personar som er blinde. Heile dette heftet er skrive og formatert på ein Chromebook ved hjelp av skjermlesar og leselist. Det skulle visa nokså tydeleg at det let seg gjera å bruka Chromebook sjølv om ein er blind. Når det er sagt, må det òg seiast at det ikkje alltid er like enkelt som å bruka Microsoft Word på pc med skjermlesar. Men det same kan ein òg seia om skriving på iPad eller Mac. Ei løysing for ein elev som går i ein klasse der resten av klassen brukar Chromebook kan vera å bruka ein pc med t.d. skjermlesaren JAWS eller NVDA saman med Google Drive og Google Dokumenter. JAWS og NVDA har no langt betre støtte for Google Suite enn tidlegare.

Dette heftet er på ingen måte uttømmande når det gjeld bruk av Chromebook eller Google Suite. Det er mange Google appar som ikkje er tatt med t.d. Regneark, Presentasjoner eller Kalender. Heftet tar kun med det mest grunnleggjande som Chrome, GMail, Google Drive og Google Dokumenter. Men dette burde kunna gi eit grunnlag for å gå vidare på eiga hand.

Heftet kan brukast både av lærarar som har elevar som kanskje skal bruka Chromebook, og det kan brukast av blinde personar som sjølv ønskjer å læra å bruka Chromebook.