Mac med VoiceOver
Denne veilederen viser deg korleis du brukar skjermlesaren VoiceOver på Mac.
I mange år var Apple sine maskiner utilgjengelege for personar som er avhengige av skjermlesar. Men frå og med operativsystemet OS X Tiger har dette endra seg. I alle Mac-ar er det no innebygd ein skjermlesar som heiter VoiceOver og eit forstørringsprogram som heiter Zoom.
Heftet tar for seg det grunnleggjande som:
- korleis du startar og navigerer med VoiceOver
- litt om ulike innstillingar
- korleis du startar og avsluttar program
- filer og mapper på Mac.
- bruk av Mail
- bruk av Safari
Når du lærer å bruka desse programma, vil du kunna utforska andre program på eiga hand. Du navigerer på same måte i desse programma som i andre program. Menyar og dialogboksar har same struktur.