Til hovedinnhold

Tastaturbo

Tastaturbo er eit universelt utforma tastaturtreningsprogram som er nettbasert og plattformuavhengig. Målgruppa er barneskuleelevar som skal lære seg touch-metoden.

Skjermdump forside tastaturbo
  1. Kategori: Kombinerte syns- og hørselstap og døvblindhet, Hørsel, Syn, Ervervet hjerneskade, Språk/tale, Sammensatte lærevansker, Lese- og skrivevansker, Norsk, Småtrinnet (1.-4.), Mellomtrinnet (5.-7.), Universell utforming
  2. Språk: Bokmål, nynorsk, teiknspråk
  3. Pris: Gratis
  4. Format: Nettressurs, nedlastbare ressursar i PDF
  5. Utvikler: Statped

Tastaturbo er laga for å legge til rette for enkel øving for alle elevar. Ressursen passar godt i begynnaropplæringa i digitale ferdigheiter. Målet er at elevane skal skrive med flyt på tastaturet.

I programmet møter du ein figur som heiter Tastaturbo. Han er ein fyr som møter på mange utfordringar. Eleven si oppgåve er å hjelpe han. Dei driv han framover ved å bruke tastaturet.

Se video på tegnspråk og norsk tale.

Her kan du også se introduksjonsfilm om Tastaturbo som kan vises til elevene.

Programmet er bygd opp med 18 leksjonar. I kvar leksjon øver eleven på nye bokstavar/teikn, samstundes som bokstavar frå tidlegare leksjonar dukkar opp. Etterkvart skal eleven skrive ord med bokstavane som er lært.

Nettressursen inneheld:

  • Lærarrettleiing
  • Introduksjonsfilm
  • Lydstøtte
  • Ressursar til nedlasting, diplom, oversikt over fargekoding og framdriftsoversikt
  • Bokmål-, nynorsk- og teiknspråkversjon
  • Sluttest, der eleven kan teste om målet er nådd

Lærarrettleiing på nynorsk

Lærerveiledning på bokmål