Strakstilbod – innhald

Foreldre til barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte får kort tid etter fødsel tilbod om eit dagskurs. Der får dei informasjon om vidare tverrfagleg oppfølging.

Alle barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte (LKG) blir følgd opp av eit tverrfagleg team. Når LKG-teama har mottatt tilvising frå fødesjukehuset, får foreldra invitasjon til eit dagskurs.

I nokre tilfelle kan tilvisinga kome seinare, for eksempel dersom barnet er adoptert eller dersom spalta ikkje vert oppdaga ved fødselen. Alle får tilbod om dagskurs før den første operasjonen.

Dei vert heldt cirka ein gong i månaden på Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssjukehus HF, Rikshospitalet. Erfarne sjuke- og barnepleiarar passer barna medan foreldra er på kurs.

Innhald i dagskurset

Dagskurset er eit heildagskurs der foreldra får mykje informasjon om den generelle tverrfaglege oppfølginga i teamet, og ein individuell undersøking. Kurset held ein uformell tone, og det er heile tida opent for spørsmål og innspel. I tillegg til å få informasjon frå fagpersonane, har foreldre her moglegheita til å dele erfaringar med andre i same situasjon.

Alle fagdisiplinane i LKG-teamet gir viktig informasjon under kurset:

  • logoped frå Statped informerer om tidleg samspel, språk- og taleutvikling
  • sjukepleiar gir praktisk informasjon om rutinar ved innlegging og det som skjer rundt dei første operasjonane
  • sosionom fortel om pasientrettar
  • kirurgen tar for seg behandlingsopplegget og dei kommande operasjonane
  • kjeveortopeden informerer om tannstell og tannutvikling

På kurset i Oslo bidrar psykolog frå Statped med informasjon og råd om korleis foreldra kan førebygge vanskar hos barnet knytt til behandling og det å vere annleis. Psykologen har og ein felles samtale med familiane om erfaringane dei har gjort seg så langt.

Individuell undersøking

I løpet av dagen undersøker ein eller fleire av kirurgane kvart enkelt barn, og det kan bli gjort avtale om tidspunkt for leppelukkeoperasjon.

Ein sjukepleiar gir rettleiing om mating dersom det er nødvendig.

Les meir om tverrfagleg utgreiing og oppfølging