Fakta om leppe-kjeve-ganespalte (LKG)

LKG er den mest alminnelege medfødde misdanninga i hovud-halsregionen i verda. I Norge blir det fødd om lag 100-120 barn med spalte kvart år.

Misdanninga utviklar seg i fosterstadiet. I dei første vekene i fosterlivet har alle fostera ei spalte gjennom leppa, kjeven og ganen. 
I andre og tredje svangerskapsmånad smelter dei ulike ansiktselementa saman. Viss denne samansmeltinga er ufullstendig, blir barnet fødd med ei leppe-, kjeve- og/eller ganespalte. Spalta er enkeltsidig eller dobbeltsidig.
Det finst fleire ulike kombinasjonar av spalter. Vi deler dei som oftast inn i fire hovudgrupper:
Om lag halvparten av dei som er fødd med spalte i Norge, har ei totalspalte gjennom leppa, kjeven og ganen.

Kjønnsforskjellar

Den mest vanlege spaltetypen blant gutar er leppe-kjeve-ganespalte. Dette gjeld både ved enkeltsidige og dobbeltsidige spalter. Isolerte ganespalter er vanlegare blant jenter enn blant gutar.

Årsaker

Det har vore forska mykje på årsaken til leppe-kjeve-ganespalte. Truleg er årsakene multifaktorielle, altså ein kombinasjon av årsaker. Den viktigaste ser ut til å vere det genetiske arveanlegget.

Arv

Når ein av foreldra har spalte, aukar risikoen for å få barn med same type spalte frå 0,2 % til 3-4 %, det vil seie 15-20 gonger. 
Risikoen for å bli fødd med spalte i leppa aukar dersom foreldra sjølv har leppespalte eller har andre barn med leppespalte (med eller utan ganespalte). Foreldre med isolert ganespalte har auka risiko for å få barn med isolert ganespalte, men ikkje med leppespalte. 
Ein tolkar dette som teikn på at desse to spaltetypane stammar frå ulike genetiske anlegg. 

Miljø

Nokre forskingsrapportar viser at mora sitt vitamininntak kan påverke om barnet blir fødd med spalte eller ikkje, og at regelmessig tilskot av folsyre før svangerskapet kan redusere risikoen. 
Samstundes kan store mengder A-vitamin i pilleform auke risikoen for at barnet blir fødd med spalte. Det blir forska internasjonalt på svangerskap, arv og miljø i håp om å finne fleire årsakar til spalte.