Isolert ganespalte

Ei isolert ganespalte er ei spalte som går gjennom den mjuke ganen, slik at det blir ei opning mellom munnhola og nasehola. Den fortset av og til gjennom den harde ganen.

Denne spaltetypen involverer ikkje leppa og kjeven. Den rammar derfor ikkje utsjånaden eller bittforholda i særleg grad.

Ei spalte i ganen gjer at det ikkje blir eit godt nok stengsel mellom munn- og nasehola. Barn fødd med denne spaltetypen kan derfor ha vanskar med å suge, og eventuelt å spise. Ganelukkeoperasjon skjer vanlegvis omkring eitt-årsalderen.

Barn som er fødd med isolert ganespalte kan utvikle vanskar med språklydar og nasalitet.